Queen of Kings
song frå 2023 med Alessandra From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Queen of Kings» (norsk omsetjing ‘dronninga av kongar’) er ein norsk popsong og debutsingelen til den norsk-italienske songaren Alessandra Mele. Songen blei gjeven 9. januar 2023 og vann Melodi Grand Prix same år. Songen var det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia og kom på femteplass.
Songen er skriven av Mele sjølv, saman med Henning Olerud, Stanley Ferdinandez og Linda Dale.
I forkant av Melodi Grand Prix-finalen fekk «Queen of Kings» viral suksess på sosiale medium, og i byrjinga av februar toppa «Queen of Kings» den globale Viral-topplista på strøymetenesta Spotify. Etter den norske finalen gjekk låten til topps på norske VG-lista, og etter Eurovision Song Contest i mai 2023 gjekk songen inn på topp 10 i land som Austerrike, Finland, Island, Litauen, Storbritannia, Sveits, Sverige og Ungarn.[1]
Remove ads
Om songen
«Queen of Kings» blei skriven under ein låtskrivarleir i regi av NRK hausten 2022.[2] Mele skreiv melodien og teksten saman med låtskrivarane Henning Olerud, Stanley Ferdinandez og Linda Dale. Dei to fyrstnemnde har også produsert songen.
Songen handlar om å våge å vere seg sjølv fullt ut, og er basert på livet til Mele og erfaringar som bifil.[2][3][4] I eit intervju med Dagsavisen uttalte Mele at låten handlar om å ikkje vere «redd for det vonde, men bruke det for å kunne reise seg igjen». Ho la til at dette kunne tolkast ulikt, men «i mitt tilfelle, handlet det om identitet. Det var vondt å akseptere egen seksualitet».[5]
«Queen of Kings» blei gjeven ut på Universal måndag 9. januar 2023, og var debutsingelen til Mele.[6] I vekene etter utgjevinga oppnådde songen viral suksess på sosiale medium.[7][8][9] I byrjinga av februar 2023 toppa låten den globale Spotify Viral Chart på musikkstrøymetenesta Spotify.[10] Lista blir utarbeidd på bakgrunn av kor ofte songen blir delt, kor mange som nyleg har oppdaga songen, og om songen har ei kraftig auking i talet på avspelingar.[11] Spotify lagar slike lister for kvart enkelt land og for heile verda.
Remove ads
Melodi Grand Prix
«Queen of Kings» blei plukka ut til å delta i Melodi Grand Prix 2023 og var det fyrste bidraget ut på scena i den fyrste delfinalen laurdag 14. januar 2023. Songen blei sloppen for strøyming og nedlasting måndagen same veke. I delfinalen var «Queen of Kings» ein av tre låtar som gjekk vidare til finalen i Trondheim Spektrum laurdag 4. februar 2023. I vekene fram mot finalen avanserte låten på oddsen, og på finaledagen gjekk han opp som favoritt til å vinne finalen.
I den norske finalen var «Queen of Kings» siste bidrag ut på scena av ni bidrag. Han fekk flest poeng frå både dei internasjonale fagjurygruppene og sjåarane, og vann Melodi Grand Prix klårt med 233 poeng.[12] På plassane bak følgde Ulrikke Brandstorp og Atle Pettersen.
Remove ads
Eurovision Song Contest
Som følgje av Melodi Grand Prix-sigeren blei «Queen of Kings» det norske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia i mai. Noreg deltok i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai, der «Queen of Kings» var fyrste bidrag ut på scena.[13] Songen blei nummer seks i semifinalen og kvalifiserte seg til finalen i Liverpool Arena laurdag 13. mai som det tiande og siste landet ropt opp.[13] Under pressekonferansen like etter trekte Mele startplassering i siste halvdel av finalen og fekk seinare startnummer 20. I finalen enda «Queen of Kings» på 17. plass i juryavrøystinga og 3. plass i telefonavrøystinga, og enda på femteplass samanlagd med 268 poeng.[14] Dette var den beste plasseringa til Noreg på ti år, sidan fjerdeplassen til Margaret Berger med «I Feed You My Love» i 2013.[15]
Listeplasseringar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads