Alessandra Mele

norsk-italiensk songar og låtskrivar From Wikipedia, the free encyclopedia

Alessandra Mele
Remove ads

Alessandra Watle Mele (fødd 5. september 2002 i Savona i Italia[1][2]) er ein norsk-italiensk songar. Ho vart fyrst kjend i Noreg i 2022, då ho deltok i The Voice Noreg. Vinteren 2023 deltok ho i Melodi Grand Prix og vann med låten «Queen of Kings», og representerte difor Noreg i Eurovison Song Contest i Liverpool.[3]

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Bakgrunn

Mele vaks opp i byen Cisano sul Neva i Savona i Italia.[2] Ho har italiensk far, medan mora er norsk med røter på Stathelle i Bamble.[4] Etter vidaregåande skule i 2021 flytta ho til Noreg for å vere nærare den norske familien og samstundes satse på ein musikkarriere.[5][3] Allereie som barn byrja ho å synge og danse, og ho deltok i si fyrste songtevling som seksåring.[3]

Mele har studert piano og tok songtimar hos ein songpedagog i Italia.[3] I Noreg byrja ho hausten 2022 å studere ved musikkskulen LIMPI på Lillehammer.[4] I 2022 deltok ho i The Voice NorgeTV 2 Direkte og nådde live-rundane. Året etter vart ho plukka ut som ein av deltakarane i Melodi Grand Prix 2023 med låten «Queen of Kings». Låten vart skriven på ein låtskrivarleir hausten 2022. Songen handlar om å våge å vere seg sjølv fullt ut, og er basert på erfaringar frå Mele sitt liv som bifil.[4][6]

Mele kvalifiserte seg frå den fyrste delfinalen laurdag 14. januar og vann finalen i Trondheim Spektrum laurdag 4. februar.[7] Som vinnar av Melodi Grand Prix fekk ho representere Noreg i Eurovision Song Contest i Liverpool i mai 2023.

Remove ads

The Voice Norge

Alessandra Mele deltok i The Voice Norge i 2022. Espen Lind var mentoren hennar under tiden i TV-programmet.

Meir informasjon Runde, Song ...
Remove ads

Diskografi

Singlar

Meir informasjon Låt, År ...

Listeplasseringar

Oversikt over Alessandra sine singlar med plassering på den offisielle singellista i Noreg og andre listeplasseringar. Lista er oppdatert per veke 8 i 2023:[8]

Meir informasjon Låt, Noreg ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads