Radovan Karadžić
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Radovan Karadžić (fødd 19. juni 1945) er ein bosnisk-serbisk nasjonalist tiltalt for brotsverk mot menneskja som fann stad under Bosniakrigen. Karadžić er utdanna psykiater og har gjeve ut fleire diktsamlingar. Karadžić var leiar for serbarane i Bosnia-Hercegovina under Bosniakrigen (1992–1995), som president i den sjølvoppnemnde Republika Srpska frå 1992 til 1996 og skipar av nasjonalistpartiet Det serbiske demokratiske partiet (SDS).

I 1995 vart han sikta for krigsbrotsverk, etnisk reinsing og brotsverk mot menneskja av Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia, og det vart kunngjort ein internasjonal arrestordre på Karadžić. Han vart heldt ansvarleg for massakren i Srebrenica og den langvarige kringsetjinga av Sarajevo (1992–1996) som kosta fleire tusen menneske livet.
Karadžić gjekk under jorda i 1997, og vart gripen i Beograd den 18. juli 2008. Han vart dømd til livsvarig fengsel for folkemord, brotsverk mot menneskja og krigsbrotsverk.
Remove ads
Tidleg liv
Radovan Karadžić vart fødd i Petnjica nær Šavnik i Montenegro, den gongen ein del av Den sosialistiske føderale republikken Jugoslavia (SFRY). Familien var ein del av Serberklanen Drobnjaci. Faren hans, Vuko var medlem av tsjetnikane – hæren til det okkuperte Kongeriket Jugoslavia under andre verdskrigen.[1] Faren vart sett i fengsel av kommunistregimet som regjerte over Jugoslavia etter andre verdskrigen, og sat der store delar av barndomen til Radovan. Karadžić flytta til Sarajevo i Jugoslavia i 1960 for å studera psykiatri ved Sarajevo University School of Medicine. Han studerte nevrose, og depresjon ved Næstved sjukehus i Danmark i 1970, og heldt fram med studiane sine ved Columbia University i New York.[2] Etter at han fór tilbake til Jugoslavia, yrkte han på Koševo sjukehus. Han skreiv også nasjonalistiske dikt, inspirert av den serbiske skribenten Dobrica Ćosić, som oppmuntra han til å gå inn i politikken.
Økonomiske lovbrot
I byrjinga av 1983 flytta Karadžić til Beograd der han byrja å yrkja på eit sjukehus i Beograd-forstaden Vozdovac. Familien ville ikkje flytta frå Sarajevo, så Karadžić måtte pendla. Den 1. november 1984 vart Karadžić arrestert og tiltalt for å ha misbrukt pengane til sjukehuset. Pengane vart brukt til bygging av eit fritidshus i den bosniske byen Pale i nærleiken av Sarajevo. Etter 11 månader i fengsel slapp han ut på grunn av mangel på prov.
Kort etter reiste også domstolen i Sarajevo ein annan tiltale mot Karadžić for misbruk av pengar. Den 26. september 1985 vart han dømd til 3 års fengsel for underslag av statlege middel.[3]
Remove ads
Bosniakrigen
I 1990 tok han del i grunnlegginga av Det serbiske demokratiske partiet (SDS).[4] I 1992 vart han valt til president i den serbiske utbrytarstaten Republika Srpska. Med støtte frå Serbia leia Karadžić bosnisk-serbiske styrkar i kampen mot bosnjakar og kroatar i Bosniakrigen frå 1992 til 1995.[4] Dei bosnisk-serbiske styrkane omleira Sarajevo og kasta bosnjakar og kroatar ut frå heimane sine, noko som vert skildra som ei etnisk reinsing.[4] I juli 1995 vart over 8 000 bosnjakar drepne i Srebrenica-massakren.[5] Som president var Karadžić øvstkommanderande for dei væpna styrkane til Republika Srpska.[6]
I juli 1995 vart han sikta for folkemord av Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia.[7]
Før han gjekk under jorda i 1997, fekk Karadžić teke ut 36 millionar tyske mark frå sentralbanken i Republika Srpska (om lag 144 millionar norske 1997-kroner).[a] Etter pågripinga i 2008 risikerte han difor i tillegg tiltale for bedrageri.[8][daud lenkje]
Remove ads
Tiltale og rettssak

Ettersøkt
Karadžić vart klandra for å ha gjeve ordrar om etnisk reinsing av bosniske kroatar og bosnjakar. I 1996 vart han ettersøkt av Det internasjonale krigsforbrytartribunalet for det tidlegare Jugoslavia.[9] Karadžić vart sikta for å stå bak Srebrenica-massakren, der over 8 000 muslimar vart drepne. Srebrenica-massakren vert rekna som det største folkemordet i Europa etter andre verdskrigen.[10] Han vart òg sikta for folkemord i laupet av den 43 månader lange kringsetjinga av Sarajevo, som kosta 12 000 menneskeliv.[10]
Pågripinga
Karadžić vart gripen den 21. juli 2008 i Serbia av serbiske tryggingsstyrkar.[11] Han levde då i ein leigebustad i den serbiske hovudstaden under namnet «dr. Dragan David Dabić», skjult med eit stort skjegg og verka som alternativ medisinar.[12] Den 30. juli 2008 vart han floge frå Serbia til Nederland, der han vart utlevert til krigsforbrytartribunalet i Haag. Karadžić vart sett i krigsforbrytarfengselet til FN i Scheveningen medan han venta på at rettssaka skulle byrja mot han.
Dom
Den 24. mars 2016 var domen klar.[13] Karadžić vart funne skuldig i ti av tiltalepunkta som galdt folkemord, brotsverk mot menneskja og krigsbrotsverk, inkludert punkta som galdt folkemordet i Srebrenica og kringsetjinga av Sarajevo. Han vart frikjend på eitt tiltalepunkt.[14][15] Det galdt det andre tiltalepunktet om folkemord, som handla om drap i andre kommunar, der tribunalet ikkje fann tilstrekkelege prov for å døma han.[16] Han vart dømd til 40 års fengsel.[17] Domen vart anka av advokaten til Karadžić og påtalemakta.[15][18] Etter ankehandsaminga avviste retten anken frå Karadžić, bortsett frå på eitt punkt. I mars 2019 vart straffa skjerpa til livsvarig fengsel.[19][20] Denne domen var endeleg og rettskraftig utan mogleik for vidare anke.[21] Karadžić bad likevel domstolen om å vurdera straffeutmålinga og endra livstidsdomen.[22]
Bibliografi
- 1990: Crna bajka (Svjetlost, Sarajevo)
- 1992: Rat u Bosni: kako je počelo
- 1994: Ima čuda, nema čuda
- 2001: Od Ludog koplja do Crne bajke (Dobrica knjiga, Novi Sad)
- 2004: Čudesna hronika noći (IGAM, Beograd)
- 2005: Pod levu sisu veka (Književna zajednica "Veljko Vidaković", Niš)
Merknader
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads