Ragna Thiis Stang

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ragna Thiis Stang
Remove ads

Ragna Thiis Stang (fødd 15. september 1909 i Kristiania, død 29. mars 1978 i Kenya)[1] var ein norsk kunsthistorikar, forfattar og museumsdirektør. Ho var mest kjend som Gustav Vigeland-kjennar og for sitt bidrag til utviklinga av kunstsamlingane til Oslo kommune.

Kjappe fakta
Remove ads

Familie

Ragna Thiis Stang var dotter av museumsdirektør Jens Thiis og hustru Vilhelmine Dons (sjå slekta Ullmann), syster av arkitekt Helge Thiis, og ven av Edvard Munch. Ho var gift med kulturskribent Nic. Stang. Dottera hennar Tove Stang Dahl (1938–93) var jusprofessor og gift med historikar Hans Fredrik Dahl.

Utdanning og karriere

Etter examen artium i 1929 studerte Thiis Stang kunsthistorie, og foretok fleire studiereiser rundt omkring i Europa. I 1937 tok ho magistergraden i kunsthistorie. I 1938–1944 var ho museumslektor ved Norsk Folkemuseum. Hun blei den fyrste direktøren for Vigelandmuseet, og leia museet frå 1947 til 1966. I åra 1940–1966 skreiv ho ei rekkje bøker, mange av dei til bruk som pensumlitteratur. Ei bok ho gav ut i 1949 om Barokk, rokkoko og klassisme blei kritisert av Pola Gauguin for manglande dekning av Pieter Breugel og dansken Christoffer Wilhelm Eckersberg.[2]

Saman med ektemannen Nic. Stang vitja ho Italia i 1951–52, 1953 og 1957–58 for å studere renessansen. Boka til Nic. frå 1956 blei godt motteken,[3] medan boka til Ragna tre år senere blei karaktererisert som eit mesterverk innan sitt område.[4] Arbeidet gav ho ein doktorgrad i 1960 med Gregor Paulsson og Reidar Kjellberg som opponentar.

Thiis Stang blei direktør for kunstsamlingane til Oslo kommune (herunder Munchmuseet og Vigelandmuseet) i 1966. Den andre søkjaren på stillinga, Reidar Revold, var fyrstekonservator ved Munchmuseet. Våren 1968 tilstod Revold å ha stole tre Munch-litografiar som Pål Hougen oppdaga i ein kunsthandel den 22. januar.[5] Ordførar Brynjulf Bull fekk sjokk over somlinga,[6] etter at Thiis Stang var arg på NRK fjernsyn fordi VG laga sensasjon av saka. I eit brev av 27. januar bad ho om at Revold ikkje skulle anmeldast, fordi han hadde sagt opp, var sjukemeld, og i det heile hadde jobba for henne i ni samfulle år,[7] men så viste det seg at besøket til museet i etterkant auka med godt over ti prosent.[8] Revold døydde i 1971. Ragna Stang Thiis hadde då vore sjukemeld ein periode, og søkte avskjed som direktør i 1971. Pål Hougen etterfølgde henne i direktørstolen. Thiis Stang gjekk over i ei forskarstilling ved museet, og gav ut ei bok om Munch i 1977.[9]

På veg frå Nairobi til Mombasa omkom Thiis Stang i ein bilkollisjon, der også dottera Nina Thiis Stang (1944–78),[10] som hadde jobba for NORAD og Fredskorpset sidan 1967, omkom.

Remove ads

Forfattarskap

  • Ragna Stang (1937). En fornyer i italiensk kunst, Piero della Francesca (cand.mag.). Universitetet i Oslo.
  • Ragna Stang og Leif Østby (1940). Verdens kunsthistorie. Gyldendal. [350 sider. Bind 8 i De tusen hjems bibliotek. Gjenutgitt 1963 som nr. 28 i serien Fakkelbøkene (268 sider)]
  • Ragna Stang og Nic. Stang (1941). Stil, Et riss av stilens historie. Tanum. [99 sider. Del av Stang og Langes 6000 år]
  • Ragna Thiis og Nic. Stang (1944). Italiensk renessansekunst i bilder med tekst. Tanum. [48 sider. Del av Stang og Langes 6000 år]
  • Ragna Thiis og Nic. Stang (1944). Antikkens kunst, i bilder med tekst. Tanum. [50 sider. Del av Stang og Langes 6000 år]
  • Stang, Ragna (1945). Middelalderens kunst i bilder med tekst. Tanum.
  • Ragna Stang og Gustav Vigeland (1948). Gustav Vigelands kunst i 48 bilder. Grundt Tanum. [103 sider. Del av Vigelandsmuseets skrifter]
  • Ragna Stang, Nic. Stang og Håkon Stenstadvold (1948). Søk kunnskap om kunst. NRK Opplysningsavdelingen. [79 sider]
  • Ragna Stang (1949). Barokk, rokokko og klassisisme. Aschehoug. [294 sider. Bind IV i Verdens Kunsthistorie ved Einar Lexow, Henrik Grevenor og Anders Bugge]
  • Ragna Thiis Stang, red. (1948). 25 nordmenn sett av Gustav Vigeland. Tanum. [118 sider. Foto av Karl Teigen. Del av Vigelandsmuseets skrifter]
  • Jens Thiis, Ragna Stang og Nic. Stang (1949). Leonardo da Vinci. Gyldendal. [321 sider]
  • Reidar Kjellberg og Ragna Stang (1951). Renessanse. Aschehoug. [296 sider. Bind III i Verdens Kunsthistorie ved Einar Lexow, Henrik Grevenor og Anders Bugge]
  • Ragna Stang og Pål Hougen (1951). Veileder for samlingene, katalog nr. 8. Oslo kommunes kunstsamlinger. [89 sider]
  • Gustav Vigeland og Ragna Stang (1955). Om kunst og kunstnere. Tanum. [226 sider. Utdrag av 46 brev fra Gustav Vigeland til Sophus Larpent. Del av Vigelandsmuseets skrifter (nr. 5)]
  • Ragna Stang (1956). vilkår i borgerrepublikken. Tanum [336 sider. Bind 1 i Livet og kunsten i ungrenessansens Firenze utgitt av Ragna Stang og Nic. Stang 1956-59]
  • Ragna Stang (1959). De store billedhuggere og borger-republikken. Tanum. [366 sider. Bind 2 i Livet og kunsten i ungrenessansens Firenze utgitt av Ragna Stang og Nic. Stang 1956-59]
  • Ragna Stang (26. mai 1960). De store billedhuggere og borger-republikken (dr.philos.). Universitetet i Oslo.
  • Stang, Ragna (1965). Gustav Vigeland: en kunstner og hans verk. Tanum.
  • Ragna Stang (1966). Gustav Vigeland, skulpturparken på Frogner. [20 sider]
  • Ragna Stang (1969). Gustav Vigeland 1869 - 1969. Tanum. [105 sider]
  • Ragna Stang (1977). Edvard Munch, mennesket og kunstneren. Aschehoug. [317 sider]
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads