Rame Head
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads


Rame Head er eit nes sørvest for landsbyen Rame søraust i Cornwall i England.
Det stod eit åsfort her i jernalderen og seinare vart det bygd eit kapell tileigna St. Mikael. Kapellet vart nytta til messe første gong i 1397, men er truleg langt eldre.
Neset er ofte det siste stykke land ein ser når ein seglar frå England via Plymouth Sound frå Plymouth. Det er derfor nemnd i sjantisongen «Spanish Ladies».
Remove ads
Sjå òg
Bakgrunnsstoff
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Rame Head» frå Wikipedia på engelsk, den 17. januar 2010.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads