Ramonda

From Wikipedia, the free encyclopedia

Ramonda
Remove ads

«Ramonda» (serbisk kyrillisk: Рамонда) er ein song frå 2024 med den serbiske artisten Teya Dora[2]. Songen var det serbiske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Om songen

«Ramonda» er skriven av artisten sjølv, saman med Luka Jovanović og Andrijano Kadović.[3] Songen refererer til blomen Ramonda nathaliae, som i det serbiske samfunnet blir sett på som eit symbol for kampen til det serbiske folket mot sentralmakta i den fyrste verdskrigen under Serbiafelttoget.[4] I songen blir blomen brukt som eit symbol for håp på grunn av blomen si evne til å gjenopplive seg sjølv i tilfelle han tørkar heilt ut, og samanliknar ramondaen og symbolikken kring han med tilbakegangen til landet etter felttoget.[5][6] Som følgje av dette har songen blitt skildra som ein «patriotisk ballade».[7]

Remove ads

Eurovision Song Contest

«Ramonda» blei send inn til Pesma za Evroviziju '24, der vinnaren fekk representere Serbia i Eurovision Song Contest 2024. Songen blei plukka ut til tevlinga og kvalifiserte seg til finalen 2. mars etter å ha deltatt i semifinale 2 to dagar tidlegare.[8][9][10] Songen vann finalen etter å ha blitt nummer ein hos juryane og nummer to hos sjåarane. Kombinert fekk songen flest poeng og blei det serbiske bidraget til Eurovision Song Contest 2024.[11][12]

Serbia deltok i den fyrste semfinalen tysdag 7. mai i Malmö.[13] I semifinalen blei «Ramonda» nummer ti og kvalifiserte seg til finalen laurdag 11 mai.[14] I finalen fekk songen 54 poeng og enda på 17. plass blant 25 deltakarar.[15][16]

Remove ads

Listeplasseringar

Meir informasjon Liste (2024), Høgaste plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads