Teya Dora
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Teodora Pavlovska[a] (fødd 1. mai 1992 i Bor), kjend profesjonelt som Teya Dora[b], er ein serbisk songar, låtskrivar og produsent.[1] Ho debuterte som artist i 2018 og blei populær med 2023-singelen «Džanum», som gjekk internasjonalt viralt på TikTok.
Teya Dora representerte Serbia i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö, Sverige, med songen «Ramonda», og enda på 17. plass.
Remove ads
Bakgrunn
Pavlovska blei fødd 1. mai 1992 i Bor i den dåverande føderale republikken Jugoslavia. Faren hennar var målar og grafisk designar. Mora hennar er forfattar og journalist i Večernje novosti, med fagfelt innanfor valaker-magi og kultur.[2][3] Etter å ha flytta til Beograd byrja Pavlovska å gå på musikkskule, der ho fekk eit stipend for å studere ved Berklee College of Music i Boston i USA.[4] På opptaksprøva song ho «No One» av Alicia Keys.[5] Medan ho gjekk på Berklee, gjekk ho på same førelesingar som Charlie Puth.[6] Ho blei uteksaminert frå college i 2014, og ved avslutningsseremonien mottok ho vitnemålet frå Jimmy Page.[5] Etter endt utdanning budde Pavlovska i New York by, der ho jobba som låtskrivar.[4]
Remove ads
Karriere
Etter å ha flytta tilbake til Serbia i 2018, byrja Pavlovska fyrst å samarbeide med songaren Nikolija, ved å skrive singelen «Nema limita». Pavlovska fortsette å skrive songar for andre serbiske artistar, som blant andre Nataša Bekvalac og Anastasija Ražnatović. Under artistnamnet Teya Dora gav hun i 2019 ut debutsingelen sin «Da na meni je», gjeven ut hos merket Bassivity Digital.[7] Artistnamnet hennar stammer frå det faktum at medan ho studerte ved Berklee, visste ikkje amerikanarane korleis dei skulle uttale namnet hennar; «Teya Dora» var det nærmaste dei kunne kome til å uttale Teodora.[8]
Etter å ha gjeve ut fleire andre singlar fikk Teya Dora i 2023 auka popularitet med songen «Džanum», spela inn for TV-serien Južni vetar: Na granici.[9] Songen gjekk internasjonalt viral på TikTok, og genererte internett-memet «Moye moye». «Džanum» blei spesielt brukt på TikTok under protestane etter skuleskytinga i Beograd i 2023.[4] Den offisielle musikkvideoen til songen har fått over 75 millionar avspelingar på YouTube og over hundre millionar avspelingar på Spotify. Vidare nådde singelen ein fjerdeplass på Spotifys Daily Viral Songs Global-lista den 22. mai, og Teya Dora blei den tredje serbiske artisten som har over ein million månadlege lyttarar på strøymetenesta. Dei to andre, Konstrakta og Luke Black, oppnådde det same under deira deltaking i Eurovision Song Contest.[4][10] «Džanum» kom også inn på topp ti på Billboards Croatia Songs-lista.[11]
I desember 2023 blei Teya Dora kunngjord som ein av deltakarane i Pesma za Evroviziju '24, den serbiske nasjonale finalen til Eurovision Song Contest 2024, med songen «Ramonda».[12] Etter å ha kvalifisert seg frå den andre semifinalen, vann ho til slutt konkurransen laurdag 2. mars 2024, ved å vinne juryavrøystinga og å bli nummer to i telefonavrøystinga, og fekk dimed retten til å representere Serbia i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö, Sverige.[13] Teya Dora kvalifiserte seg frå den fyrste semifinalen tysdag 7. mai 2024, der ho blei nummer 10 av 15, med 47 poeng. I finalen laurdag 11. mai 2024 blei ho nummer 17 av 25, med 54 poeng.[14][15]
Remove ads
Merknadar
- serbisk kyrillisk: Теодора Павловска
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads