Randi Stene
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Randi Stene (fødd 12. april 1963 i Trondheim) er ein norsk mezzosopran og operasjef.
Stene studerte i Trondheim og Oslo og avslutta utdanninga si som operasongar på Operaakademiet i København.[1] Ho var solist og fast tilknytt Det Kongelige Teater i København frå 1988 til 2020.[1]
Stene var finalist i konkurransen Cardiff Singer of the World i 1991.[2] Ho opptredde som Octavian i Rosenkavaleren ved Opéra Bastille i Paris i 1993 og sidan i same rolle i London.[3][4] Rolla som Silla i Hans Pfitzner sin opera Palestrina ved Covent Garden førte ho også raskt til Metropolitan Opera i New York.
Som konsertsolist har Randi Stene opptredd blant anna under BBC Proms med Esa-Pekka Salonen og Festspela i Salzburg med Philippe Herreweghe. Ho er hyppig gjest hos dei nordiske hovudstadorkestera. Ho deltok ved opninga av det nye operahuset i København og i nyproduksjonen av Verdi sin opera Aida. Innspelingane hennar av symfonisk musikk omfattar blant anna songar av Hugo Alfvén, John Dowland, Edvard Grieg, Wilhelm Peterson-Berger og Jean Sibelius.
I 2009 blei Randi Stene tilsett som professor i song på Noregs musikkhøgskole, og i 2013 blei ho tilknytt Trondheim Symfoniorkester & Opera (TSO) som casting-ansvarleg. I 2019 blei ho operasjef ved TSO,[5] og frå august 2020 operasjef ved Den Norske Opera & Ballett.[6][7] Stene er også kunstnarisk leiar for vokalkurset under Voksenåsen Sommerakademi og Vinterakademi.
Remove ads
Prisar og utmerkingar
- 1996 – Trondheim kommunes kulturpris[8]
- 2003 – Gammleng-prisen i klassen klassisk
- 2006 – Sør-Trøndelag fylkes kulturpris[9]
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads