Raphael Holzdeppe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Raphael Marcel Holzdeppe (fødd 28. september 1989) er ein tysk friidrettsutøvar, fødd i Kaiserslautern, som tevlar i stavhopp. Han vann gullmedaljen i øvinga under VM i friidrett 2013 i Moskva og tok sølvmedaljen i VM 2015.
Remove ads
Holzdeppe vart nummer tre i stavhopp ved EM i friidrett 2012 i Helsinki. Vel ein månad seinare fekk han ein ny bronsemedalje under dei olympiske leikane i London.
I 2013 vart Holzdeppe verdsmeister i stavhopp med 5,89 meter, ei høgde han klarte i fyrste forsøk. Renaud Lavillenie som nådde same høgda trong tre forsøk. 26. juli 2015 presterte han livsbeste 5,94 meter då han vart tysk meister i Nürnberg. Fire veker seinare, i finalen i VM i friidrett 2015 i Beijing, gjekk Holzdeppe over 5,90 m, nett som kanadiaren Shawnacy Barber. Men sidan Barber smaug seg over lista i sitt fyrste forsøk på høgda, vann han gullmedaljen.
Remove ads
- OL 2008 i Beijing: Nr 7 – 5,60 m
- EM 2010 i Barcelona: Nr 9 – 5,60 m
- VM 2011 i Daegu: Utslått i kvalifiseringa (5,50 m =nr 20)
- EM 2012 i Helsinki: Bronsemedalje – 5,77 m
- OL 2012 i London: Bronsemedalje – 5,91 m
- VM 2013 i Moskva: Gullmedalje – 5,89 m, framom Renaud Lavillenie (5,89 m)
- VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje – 5,90 m, bakom Shawnacy Barber (5,90 m)
- OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i kvalifiseringa (5,45 m =nr 26)
- VM 2017 i London: Nr 10
- EM 2018 i Berlin: -
- VM 2019 i Doha: Nr 6 – 5,70 m
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Raphael Holzdeppe» frå Wikipedia på tysk, den 30. august 2015.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads