Rashaya
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rashaya, Rachaya, Rashaiya, Rashayya eller Rachaiya (arabisk راشيا), òg kalla Rashaya al-Wadi eller Rachaya el-Wadi, er ein by i Libanon i Rashaya distrikt og sør for Beqaa guvernement.[2] Han ligg kring 1350 meter over havet på vestsida av Hermon, søraust for Beirut nær grensa til Syria, halvvegs mellom Jezzine og Damaskus.[3][4]
- Denne artikkelen handlar om Rashaya i Rashaya distrikt. For Rashaya i Hasbaya distrikt, sjå Rachaya Al Foukhar.
Rashaya har eit folketal på kring 6 000 til 7 500, som hovudsakleg er drusarar.[1] Han vert rekna som ein tradisjonell libanesisk by med gamle brusteinsgater og små butikkar mellom tradisjonelle steinhus med raude takstein.[1] Den vesle marknaden i midten av byen har forskjellige butikkar som sel lokalt handverk.[5] Den nærliggande Faqaaskogen er eit verneområde.[6]
Det er gjort fleire funn frå eldre og yngre steinalder i området.[7] Ruinane av eit romersk tempel ligg på venstresida av vegen frå Rashaya til landsbyen Aaiha, eit av fleire Hermontempel.[8]
Remove ads
Historie

Rashaya citadell eller «Sjølvstendefestninga» har blitt eit nasjonalmonument,[9] og vart først bygd som eit palass av Shihab-familien på 1700-talet.[10] Han husar i dag det libanesiske forsvaret og kan vitjast.[11]
I juni 1860 var byen åstad for ein massakre, der 265 kristne vart drepne av drusarar, somme i festninga.[12][13] Kring tusen offer vart drepne i områda kring Hasbaya og Rashaya mellom 10 og 13. juni.[14]
I november og desember 1925 hamna byen i og vart nesten utsletta i eit av dei største slaga i det store drusaropprøret, då 429 kristne heimar anten vart øydelagd eller jamna med jorda. 3000 drusarar under Zayd Beg kringsette festninga med franske legionærar under ein kaptein Granger mellom 20. og 24. november.[15] Drusarane gjekk etter kvart på sitt første store nederlag mot franske forsterkingar, med store tap i det som var vendepunktet til drusarinvasjonen sør i Libanon.[10]
Under Det franske mandatet og den 11. november 1943, vart fleire libanesiske nasjonale leiarar arresterte i Rashaya av frie franske soldatar (Bechara El Khoury, som blei den første presidenten i det sjølvstendige Libanon, Riad El-Solh (statsminister), Pierre Gemayel, Camille Chamoun og Adel Osseiran). Dette førte til nasjonalt og internasjonalt press for å få sleppe dei fri, og Frankrike gjekk til slutt med på dette. Den 22. november 1943 vart fangane sleppte fri og same dagen vart sjølvstendet til Libanon erklært.
Remove ads
Klima
Rashaya får mellom 650 mm og 750 mm nedbør av året, og kring to femtedelar av dette kjem mellom november og mars. Årsmiddeltempeaturen er 15 °C, og varierer frå 35 °C om sommaren til -5 °C om vinteren. Den dominerande vindretninga er aust til vest, og byen er frå den retninga verna av fjella.[6]
Økonomi
Hovudnæringa i byen er jordbruk, tenester og turisme. Byen har to olivenoljepresser og tre druesirupfabrikkar. Rashaya vart erklært eit av ni fattigdomsområde i Libanon i ei undersøking av 2002. Verdsbanken og U.S. Aid har finansiert fleire utviklingsprosjekt i området, mellom anna eit kloakkhandsmingsanlegg.[6][16]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads