Reidar Andersen
norsk skihoppar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Reidar Andersen (20. april 1911–15. desember 1991) var ein norsk skihoppar og konfeksjonsfabrikant, opphavleg frå Haugsbygd i Norderhov i Buskerud. Han var medlem av Fossekallen, Sportsklubben Freidig og Idrettsforeningen Ready. Andersen var busett i Oslo.
Remove ads
Andersen vann sølvmedaljen under verdsmeisterskapane på ski i nordiske greiner både 1930, 1935 og 1937. I Vinter-OL 1936 i Garmisch-Partenkirchen fekk han bronsemedalje. Gunnar Andersen var hans overmann i 1930, medan Birger Ruud var gullvinnar i meisterskapane frå 1935 til 1937, og Sven Selånger fekk OL-sølv i 1936. I verdsmeisterskapane 1931 og 1938 vart han høvesvis nummer fire og fem.
Andersen er den einaste som nokon gong har vunne Holmenkollrennet tre år på rad: 1936, 1937 og 1938. Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1938. Same tre sesongane vart han også noregsmeister.
Remove ads
- 1933: Sølvmedalje i Oslo
- 1936: Gullmedalje på Kongsvinger
- 1937: Gullmedalje i Tønsberg
- 1938: Gullmedalje i Mo i Rana
- 1946: Bronsemedalje i Drammen
- 1949: Nr 8 i Steinkjer
Andersen vart teken med i National Ski Hall of Fame i 1971.[1] I biografien vert nemnt dei 18 sigrane han tok i skihopping i 1939 under ein turne i USA. Etter andre verdskrigen gjorde han endå ein turne i USA for å fremje skisporten.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads