Revolution

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Revolution» er ein song av The Beatles frå albumet The Beatles frå 1968. Songen er skriven av John Lennon men tilskriven på vanleg vis til Lennon/McCartney. Han vart spelt inn 12. juli 1968.

Meir informasjon A-side, Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Revolution 1

Songen er kjenneteikna av det heftige gitarspelet i starten. Teksten er ganske aggressiv mot samfunnet som mange andre songar av Lennon. Han skulle eigentleg ut som singel, men kom i staden som B-side til «Hey Jude» av McCartney. Lennon ønskte det fordi «Hey Jude» var ein song til son hans. The Beatles (White Album) inneheld ein annan versjon av songen («Revolution 1»).

Revolution 9

«Revolution 9» er ein lydmontasje eller eit musique concrète-stykke på same album. Songen er utan musikk eller tekst. Montasjen startar som eit coda for «Revolution 1», men endar som eit eige spor. Enkelte element frå den opphavlete avsluttinga til «Revolution 1» kan høyrast her og der på «Revolution 9».

Medverkande

Revolution
Revolution 1
  • John Lennon – solovokal, akustisk gitar, sologitar, lydeffektar
  • Paul McCartney – elektrisk bass, piano, orgel, korvokal
  • George Harrison – sologitar, korvokal
  • Ringo Starr – trommer
  • Francie Schwartz – korvokal
  • Derek Watkins og Freddy Clayton – trompet
  • Don Lang, Rex Morris, J. Power og Bill Povey – trombone
Personell per Ian MacDonald[3]

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads