Revolver av The Beatles
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Revolver er det sjuande albumet til det engelske rockebandet The Beatles og kom ut 5. august 1966. Albumet viste ei ny stilmessig utvikling, som skulle verte meir framtredande på seinare album. Mange av songane på Revolver er markert av ein elektrisk gitar-rock-stil, i motsetnad til det folkrock-inspirerte Rubber Soul, som kom før Revolver. Albumet nådde førsteplassen på både den britiske og amerikanske salslista. I Noreg nådde albumet 14. plass som høgaste plassering.
Revolver vart gjeve ut før den siste turneen til Beatles i august 1966, men dei spelte ikkje songane frå albumet på konsertane. Årsaka til dette var at det var for mange innspelingsspor på albumet, til dømes ville «Tomorrow Never Knows» vorte altfor komplisert å spele på konsert.
Remove ads
Innspeling
Ein innspelingsteknikk som vart nytta for første gong på dette albumet var automatisk dobbelsporing (ADT), som lydteknikar Ken Townsend i EMI fann opp 6. april 1966. Denne teknikken skapte automatisk eit dobbelt vokalspor. Standardmetoden var å synge inn vokalen to gonger på to forskjellige spor med ein fleirsporsopptakar, ein metode som John Lennon særleg mislikte. Beatles var særs nøgd med oppfinninga og nytta han mykje på Revolver. ADT vart raskt ein standard innspelingsteknikk og førte til andre teknikkar, som den kunstige choruseffekten.
«Eleanor Rigby», ein av Paul McCartney sine songar på albumet, vart gjeve ut som singel med «Yellow Submarine» på dobbel A-side, samstundes med albumet. Songen markerer eit skifte hos Beatles, bort frå dei lettare popsongane frå tidlegare i karrieren, til songar med mørkare tema og atmosfære. Songen vart spelt inn med styrkarar arrangert av George Martin og McCartney. Songen er unik av Beatles-songane fordi alle medlemmene medverka til teksten. Ringo Starr kom med linja «Father Mackenzie, reading a sermon that no-one will hear».[11] Harrison medverka med linja «Ah, look at all the lonely people», som opnar songen.
Nyskapingane til The Beatles på albumet når kanskje eit høgdepunkt på siste sporet på albumet, «Tomorrow Never Knows». Songen var ein av dei første psykedeliske songane som kom ut og inneheldt banebrytande teknikkar som gitar innspelt baklengs, prosessert vokal og bandeffektar. Musikalsk er han bordunaktig, med ein kraftig synkopert, gjentakande trommerytme, og vert rekna som ein av dei tidlegare forgjengarane til elektronika. Teksten er inspirert av den tibetanske dødeboka.
Den mest muntre songen på Revolver er den barnesongaktige «Yellow Submarine».
Plateomslaget vart teikna av den tyskfødde bassisten og kunstnaren Klaus Voormann, ein av dei eldste venene til Beatles. Tittelen, Revolver, er eit ordspel som referer både til våpenet og til den roterande (engelsk revolving) rørsla til ei plate på ein platespelar.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Lennon/McCartney, bortsett frå der andre er nemnde
Remove ads
Mottaking
Revolver vert ofte omtalt som det største rockealbumet gjennom tidene.[12][13] I 1997 hamna det på tredjeplass på ei lsite i Storbritannia laga av innsendarar til HMV Group, Channel 4, The Guardian og Classic FM. I 2006 plasserte Q albumet på 4. plass, medan det same magasinet plaserte albumet heilt øvst på ei liste over dei 100 største britiske musikkalbuma gjennom tidene. I 2001 plasserte VH1 albumet øvst på lista over dei største albuma nokon gong,[14], ei plassering det òg fekk på Virgin All Time Top 1000 Albums.[15] På Rolling Stone si liste over dei 500 største albuma gjennom tidene ligg det på tredjeplass.[16] På plassen føre låg Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band og Pet Sounds.
Medverkande
I følgje Mark Lewisohn[17] og Ian MacDonald:[18]
The Beatles
- John Lennon – solo-, harmoni- og korvokal; rytme- og akustisk gitar; Hammondorgel, harmonium; bandsløyfer, lydeffektar; tamburin, klapping, knipsing
- Paul McCartney – solo-, harmoni- og korvokal; bass, akustisk og sologitar; piano, clavichord; bandsløyfer, lydeffektar, klapping, knipsing
- George Harrison – solo-, harmoni- og korvokal; sologitar, akustisk gitar, rytmegitar og bass; sitar, tambura; bandsløyfer, lydeffektar; maracas, tamburin, klapping, knipsing
- Ringo Starr – trommer; tamburin, maracas, kubjølle, shaker, klapping, knipsing; bandsløyfer; solovokal på «Yellow Submarine»
Andre musikarar og produksjon
- Anil Bhagwat – tabla på «Love You To»
- Alan Civil – valthorn på «For No One»
- George Martin – plateprodusent; miksing; piano på «Good Day Sunshine» og «Tomorrow Never Knows»; Hammondorgel på «Got to Get You into My Life»; bandsløyfer av marsjband på «Yellow Submarine»
- Geoff Emerick – lydteknikar og miksing; bandsløyfer av marsjband på «Yellow Submarine»
- Mal Evans – basstromme og korvokal på «Yellow Submarine»
- Neil Aspinall – korvokal på «Yellow Submarine»
- Brian Jones – korvokal på «Yellow Submarine»
- Pattie Boyd – korvokal på «Yellow Submarine»
- Marianne Faithfull – korvokal på «Yellow Submarine»
- Alf Bicknell – korvokal på «Yellow Submarine»
- Tony Gilbert, Sidney Sax, John Sharpe, Jurgen Hess – fiolinar; Stephen Shingles, John Underwood – bratsjar; Derek Simpson, Norman Jones – celloar: strykeoktett på «Eleanor Rigby», orkestrert og dirigert av George Martin (med Paul McCartney)
- Eddie Thornton, Ian Hamer, Les Condon – trompet; Peter Coe, Alan Branscombe – tenorsaksofon: blåserekkje på «Got to Get You into My Life» arrangert og dirigert av George Martin (med Paul McCartney)
Remove ads
Salslister
Remove ads
Salstrofé
BPI-sertifiseringa gjeld berre for sal etter 1994.[46]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads