Rikki Don't Lose That Number
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Rikki Don't Lose That Number» er ein song frå 1974 av jazzrockgruppa Steely Dan og opningssporet på det tredje albumet deira, Pretzel Logic. Det vart den største hitten deira og han nådde fjerdeplassen på Billboard Hot 100 sommaren 1974.[1]
Jim Gordon speler trommer på songen, som han gjer på det meste av Pretzel Logic. Gitarsoloen er spelt av Jeff «Skunk» Baxter, som slutta i bandet kort tid etter for å bli medlem av The Doobie Brothers.
Victor Feldman speler flapamba[2] (ein variant av marimba) i starten av songen, som opnar albumet. Dette er ikkje med på den originale singelen på ABC. MCA-versjonen av singelen har med denne flapamba-introen, men tonar ut like før den eigentlege slutten av songen. Opningsriffet er nesten ein direkte kopi av introen på Horace Silver-jazzklassikar «Song for My Father».[3]
Billboard skildra songen som «fengande, nesten tango-aktig melodi.»[4]
Remove ads
Medverkande
Musikarar
- Donald Fagen – solo- og korvokal
- Jeff Baxter – elektrisk gitar
- Dean Parks – akustisk gitar
- Michael Omartian – piano
- Walter Becker – bassgitar, korvokal
- Jim Gordon – trommer
- Victor Feldman – perkusjon, marimba
- Tim Schmit – korvokal
Teknisk
- Gary Katz – Produsent
- Roger Nichols – Lydteknikar
Salslister
Andre versjonar
- 1983 – Kenji Omura spelte inn ein versjon av songen på det fjerde albumet sitt, Gaijin Heaven.[12]
- 1984 – Tom Robinson spelte inn sin versjon for albumet Hope and Glory.
- 1992 – Hank Marvin spelte ein instrumental av songen på albumet sitt Into the Light.
- 1994 – Far Corporation spelte ein versjon av songen for albumet deira Solitude.
- 2007 – Chuck Loeb spelte ein instrumental versjon av songen på albumet sitt Presence.
- Mai 2012 – indie poptrioen Hospitality spelte ein versjon av songen The A.V. Club-serien Undercover.[13]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads