Fylkesveg 611

From Wikipedia, the free encyclopedia

Fylkesveg 611
Remove ads

Fylkesveg 611 (Fv611) går mellom Naustdal i Sunnfjord kommune og Eikefjord i Kinn kommune.

Kjappe fakta Strekning, Informasjon ...
Sjå òg Fylkesveg 611 (fleirtyding)

Opphavleg vart Fylkesveg 611 bygd som riksveg mellom Naustdal og Stavang. Samstundes vart det bygd veg frå Eikefjord til Goldalsreset og vidare mot Sandvika. Seinare vart vegen mellom Goldalsreset og Stavang bygd, og heile vegen mellom Eikefjord og Stavang fekk nemninga Fylkesveg 542 i Sogn og Fjordane (Fv542).

I 2002 vart den nye traséen til Riksveg 5 mellom Brekka og Kvalvik opna, og med dette omgjekk vegen Eikefjord. Dimed overtok Fv542 traséen mellom Eikefjord og Kvalvik, medan traséen mellom Eikefjord og Brekke vart kommunal veg.

Den 1. januar 2010 trødde forvaltingsreforma i kraft og dåverande Riksveg 611 fekk status som fylkesveg. I 2019 vart det gjort endringar i fylkesvegnettet, og Fylkesveg 542 i Sogn og Fjordane vart innlema som ei forlenging av Fv611.[1]

Remove ads

Kommunar og knutepunkt

Sunnfjord Fjordavegen

  • Fylkesveg 611 Naustdal
  • Mjølkevika → kommunal veg Tunavegen til Naustdal kyrkje og Naustdal sentrum
  • Mallasvik → kommunal veg Kringlavegen til Kringla
  • Sæla
  • Liabø
  • Holmeset → kommunal veg Bunestølsvegen til Bunnestølen
  • tunnel Frammarsviktunnelen (76 m)
  • Frammarsvik
  • Andal → kommunal veg Andalsvegen og vidare privat veg til Storelia
  • Helle
    • → Kommunal veg Hellevegen til Klubba, Vatne og Russenes
    • → Kommunal veg Einevollvegen til Einevollen
  • tunnel Helletunnelen (428 m)
  • Redal → kommunal veg Øvreredalsvegen til Øvre Redalen
  • tunnel Redalstunnelen (379 m)
  • tunnel Grytetunnelen (272 m)
  • Gryta
  • Engjabøen
  • tunnel Vevringtunnelen (627 m)
  • Vevring → kommunal veg Vevringkyrkjevegen til Vevring kyrkje
  • Årset → kommunal veg Vassbotnvegen til Vassbotnen
  • Apalset
  • Kvellestad

Kinn Brufjordvegen

  • Svortevik
  • Standalsvika → kommunal veg Standalsvegen til Øvre Standal
  • Fløholmen
  • Stavvika
  • tunnel Stavangtunnelen (55 m)
  • Evja → kommunal veg Stavangsvegen til Stavang (350 m)

Ausevikvegen

  • Fv5699 Åsen → Stavøyvegen til Skutevågen (9,2 km)
    • Endepunkt Skutevågen snuplass
      • Veidesund kai
        • ferje Rutebåt Florabassenget, sjå Skyss
  • severdighet Ausevika helleristingsfelt
  • Litle Høydal
  • Store Høydal
  • bru Osstrupen bru (258 m)
  • Fv5697 Goldalsreset → Sandviksvegen til Sandvik (13,2 km)

Vikavegen

  • Fv5696 Sunnarvik → Svardalsvegen til Osen (11,5 km)
  • Eikefjord kyrkje
  • Eikefjord → kommunal veg Knapstadbakkane til Fylkesveg 611 Knappstad (gamle Rv5 mellom Eikefjord og Knappstad)
  • Hovland
  • Fylkesveg 611 Kvalvik
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads