Ripponbreen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Ripponbreen er ein liten isbre som ligg i Kemp Land i Australsk Antarktis i Aust-Antarktis. Han ligg like aust for Seatonbreen, som flyt sørover og ut i Edward VIII-isen.
Ripponbreen vart kartlagt frå flyfoto tekne av ANARE (Australian National Antarctic Research Expeditions) i 1956, og kalla opp etter R. Rippon i RAAF, flyskrogmekanikar ved Mawson-stasjonen i 1959.[1][2]
Lik sør for Ripponbreen ligg ein stor dal forma av Robert- og Wilmabreane. Desse to breane, i lag med Seaton- og Ripponbreen, flyt alle ut i King Edwardisen. I vest ligg Napier Mountains, som går nordvest frå Mount Elkins. Lenger vest ligg Tula Mountains, og bakom desse Beaverbreen ut i Amundsen Bay. Dette terrenget påverkar vêrsystema i området og dramatiske endringar kan skje over korte avstandar og korte tidsrom.[3] Fuktige søraustlege luftstraumar skapar skyar nordvest for Seaton- og Ripponbreen som skapar snømyrkre innover frå Rippon Depot.[3]
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads