Rock and Roll av Led Zeppelin
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Rock and Roll» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin, som først kom ut på det fjerde albumet deira i 1971. Med seg hadde dei The Rolling Stones-pianisten Ian Stewart.
Rock and Roll Singel av Led Zeppelin frå albumet Led Zeppelin IV | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. februar 1972 | |
Innspelt | Desember 1970–mars 1971 | |
Sjanger | Hardrock, rock and roll | |
Lengd | 3:40 | |
Selskap | Atlantic | |
Komponist | Jimmy Page | |
Tekstforfattar | Robert Plant | |
Låtskrivar(ar) | Page/Plant/Jones/Bonham | |
Produsent | Jimmy Page | |
Led Zeppelin-kronologi | ||
«Black Dog» / «Misty Mountain Hop» (1971) |
Rock and Roll | «Over the Hills and Far Away» / «Dancing Days» (1973)
|
Oversyn
Som tittelen indikerer er songen basert på ein av dei mest populære strukturane i rock and roll, 12-taktsbluesprogresjon (i A). «Rock and Roll» står som ein av dei mest kjende songane i katalogen deira.
Led Zeppelin-gitarist Jimmy Page har sagt at songen vart til spontant under ein jam, medan bandet prøvde (og mislukkast) å gjere ferdig songen «Four Sticks».[1][2] Trommeslagar John Bonham spelte introduksjonen til Little Richard sin «Keep a Knockin'» og Page la på eit gitarriff.[3] Lydbanda gjekk og femten minutt seinare var grunnlaget for songen innspelt.[4] På songen spelar òg John Paul Jones piano.[3] Page sa:
« | Me spelte inn ein annan song [Four Sticks]; me var akkurat ferdig med eit forsøk og John Bonham spelte trommeintroen og me berre følgde på. Eg start med om lag halve riffet du høyrer på Rock n Roll og det var så bra at me tenkte, 'la oss arbeide vidare med dette'. Riffet og sekvensen låg tett opp til 12-taktsmønsteret du hadde i gamle rockesongar som Little Richard, etc, og det var berre så på ståande fot at han nesten berre kom ut av ingenting.[2] | » |
Page sa òg :
« | Det stoppa faktisk opp etter om lag 12 taktar, men det var nok der til at me forstod at det var meir å arbeide med. Robert [Plant] starta til og med å synge med det same.[5] | » |
«Rock and Roll» er ein av få Led Zeppelin-songar der alle i bandet er tilskriven som låtskrivarar.
Teksten til songaren Robert Plant refererer fleire tidlege rockesongar frå 1950- og 1960-åra, som «The Stroll», «The Book of Love», og «Walking In the Moonlight».
Konsertar
«Rock and Roll» vart mykje spela på konsertane til Led Zeppelin frå 1971 og frametter. Plant kalla songen i starten «It's Been A Long Time», som er den første tekstlinja i songen.[3] I 1972 vart han opningssongen på alle konsertane deira, noko han var fram til 1975. I 1977 vart han spelt som ein medley under ekstranummeret med «Whole Lotta Love», og i 1979 og 1980 vart heile songen spela under ekstranummera..[3]
På konsertversjonane byta vanlegvis Robert Plant det andre og tredje verset.
Eit konsertopptak frå Madison Square Garden i juli 1973 vart innspelt for filmen The Song Remains the Same og det tilhøyrande albumet. Eit anna opptak frå juni 1972 finst på albumet How the West Was Won.
I 1985 spela Page, Plant og Jones songen på Live Aid på JFK Stadium i Philadelphia, som ein del av Led Zeppelin-settet med trommeslagarane Tony Thompson og Phil Collins. «Rock and Roll» vart òg spela som siste ekstranummer på konsert for Ahmet Ertegün på O2 Arena i London den 10. desember 2007. Den 7. juni 2008 spela Jimmy Page og John Paul Jones i lag med Foo Fighters-frontmann Dave Grohl og trommeslagar Taylor Hawkins på Wembley stadium på «Rock and Roll» i lag med «Ramble On».
Lovord
Publikasjon | Land | Lovord | År | Rangering |
---|---|---|---|---|
Dave Marsh | USA | "The 1001 Greatest Singles Ever Made"[6] | 1989 | 424 |
Rock and Roll Hall of Fame | USA | The Rock and Roll Hall of Fame's 500 Songs that Shaped Rock and Roll | 1994 | * |
Radio Caroline | Storbritannia | Top 500 Tracks[7] | 1999 | 21 |
VH1 | USA | The 100 Greatest Rock Songs of All Time[8] | 2000 | 66 |
Q | Storbritannia | The 50 Most Exciting Tunes Ever..[9] | 2002 | 17 |
Q | Storbritannia | The 1001 Best Songs Ever[10] | 2003 | 201 |
(*) usortert liste.
Singel
Songen vart gjeven ut på singel i fleire land med «Four Sticks» som B-side. Singelen nådde 47. plass i USA. I Sør-Afrika kom singelen ut med «Going to California» som B-side. Han vart òg gjeven ut som ein EP i USA i 1972 med «Black Dog» og «Stairway to Heaven».
Medverkande
Andre versjonar
|
|
Konsertutgåver
- Axl Rose og Tracii Guns spela ein gong songen i lag med Shark Island.[11]
- Sheryl Crow spela songen som ekstranummer på Riverbend Festival i 2010.
- Green Day spela songen under 21st Century Breakdown-turneen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.