Rock and Rollin' with Fats Domino

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Rock and Rollin' with Fats Domino, i Europa kalla Carry On Rockin', er debutalbumet til R&B-pianisten og vokalisten Fats Domino frå 1955. Det inneheld fleire av hittane hans og andre materiale, som seinare skulle bli hittar. Albumet nådde 17. plassen på Billboard Pop Albums-lista.[2] Ein trur at det har blitt produsert av lydteknikaren Bunny Robyn fordi det på omslaget står «A Robyn Recording».[3]

Meir informasjon Fats Domino-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Utgjeving

Albumet vart først gjeve ut på Imperial Records med tittelen Carry on Rockin' i november 1955 og seinare med tittelen Rock and Rollin' With Fats Domino.[4] Det er gjeve forskjellige datoar for nyutgjevinga. The Great Rock Discography indikerer at Imperial 9009 kom ut med alternativ tittel i oktober 1956 og mars 1957,[4] men Domino-biografien Blue Monday indikerer april 1956.[3]

Då Domino avslutta kontrakten med Imperial i 1963 for å gå til Paramount, heldt Imperial rettane til dette og fleire andre av albuma til Domino,[5] og gav det ut på LP så seint som i 1981.[6] Det har sidan blitt gjeve ut i lag med eit anna tidleg Domino-album, Million Sellers By Fats, som Rock and Rollin' with Fats Domino/Million Sellers by Fats.[7]

Remove ads

Songar

Sjølv om det var det første albumet til Domion, hadde R&B-pianisten spelt inn singlar i sju år før albumet kom ut.[8] Albumet var sett saman av hitsinglane til Domino, i tillegg til somme songar som etter kort tid skulle bli hitsinglar, som «Ain't That a Shame» (Nr. 1 på Black Singles, Nr. 10 Pop Singles), «All by Myself» (Nr. 1 på Black Singles), «Poor Me» (Nr. 1 på Black Singles), «Bo Weevil» (Nr. 5 på Black Singles, Nr. 35 på Pop Singles) og «Don't Blame It On Me» (Nr. 9 på Black Singles), men hadde ikkje med «Don't You Know» (Nr. 7 på Black Singles), «I Can't Go On» (Nr. 6 på Black Singles) og «Thinking of You» (Nr. 14 på Black Singles).[4][9]

Remove ads

Innhald

Alle spor skrivne av Dave Bartholomew og Fats Domino, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

References

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads