Rosefamilien

plantefamilie From Wikipedia, the free encyclopedia

Rosefamilien
Remove ads

Rosefamilien (Rosaceae) er ein plantefamilie i ordenen Rosales. Han omfattar over 2000 artar fordelt på 100 planteslekter. Det er òg vanleg å dela han i 4 underfamiliar.

Kjappe fakta

Artane i rosefamilien gjev oss blant anna eple, pærer, kirsebær, moreller, plommer, bringebær, jordbær, nyper og moltar. Familien er svært utbreidd i Noreg med over 100 artar.

Remove ads

Skildring

Thumb
Markjordbær med fruktene utanpå bæret.

Plantane i rosefamilien er tofrøblada og frikrona, ofte fleirårige. Blada er spreidde og fjør- eller handnerva. Dei har ofte òg akselblad nede på bladstilken.

Blomane er som regel tokjønna og gjerne regelmessige femtalblomar. Reinrose er eit unntak med åttetalblomar, det same gjeld tepperot og marikåpe som har firetallsblomster.

Fruktene kan vera ei nøtt, ei steinfrukt eller ein kapsel. Mange av plantane får òg falske frukter ved at fruktbotnen skapar ei slags frukt. Dette gjeld til dømes jordbær, der dei eigentlege fruktene sit utanpå bæret, og nyper, der dei ligg inni nypa.

Remove ads

Underfamiliar med kjende slekter

Thumb
Abraham Darby-rose
Foto: biolib.de
Thumb
Fersken frå steinfruktslekta.
Roseslekta (Rosoideæ)
Epleslekta (kjernefruktslekta) (Maloideae)
  • Eple (Malus)
  • Hagtorn (Crataegus)
  • Kvede (Cydonia)
  • Mispel (Cotoneaster)
  • Pære (Pyrus)
  • Rogn (Sorbus)
  • Amelanchier, til dømes søtmispel
  • Eriobotrya, til dømes japansk mispel
Steinfruktslekta (Amygdaloideæ)
Spireaslekta (Spiraeoideæ)
Slekt uklar
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Rosefamilien
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads