Run to the Hills

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Run to the Hills» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han vart gjeven ut som den sjette singelen deira og den første frå det tredje studioalbumet deira, The Number of the Beast (1982). Songen er berre tilskriven bassisten Steve Harris, men vokalisten Bruce Dickinson skal ha kome med mange bidrag til songen. Det er ein av dei mest populære songane til bandet, og VH1 rangerte han som den 27. plassen på lista si over dei 40 beste metal-songane[1] og 14. plassen på lista si over dei beste hardrocksongane.[2]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Ein konsertversjon av songen, frå Live After Death, vart gjeven ut i 1985 og den originale singelen kom ut på ny i 2002, der alle inntektene gjekk til den tidlegare trommeslagaren Clive Burr sitt MS-fond. I 1990 vart både den originale singelen og konsertsingelen frå 1985 gjeven ut i plateboksen The First Ten Years, både på CD og 12" vinyl, i lag med singelen «The Number of the Beast» og «Running Free (live)».

Remove ads

Komposisjon

På grunn av kontraktsårsaker knytt til det førre bandet sitt, Samson, kunne ikkje Dickinson tilskrivast som låtskrivar på nokre av songane han skreiv for The Number of the Beast.[3] Sjølv om bassisten Steve Harris aleine står oppført som låtskrivar, har Dickinson sagt at han kom med «moralske bidrag» til songen, i tillegg til «Children of the Damned» og «The Prisoner» frå same albumet.[4] På ein konferanse i IBM Smarter Business i Stockholm den 10. oktober 2012, fortalte Dickinson at delar av songen er basert på «stigande sekstar», inspirert av ein dokumentarfilm han såg om kvifor «My Way» var ein av dei mest populære songane gjennom tidene.[5]

Remove ads

Tema

Songen dokumenterer konfliktane mellom europeiske nybyggjarar i Den nye verda og indianarar i kolonitida og den seinare ekspansjonen vestover.[6][7] Songen er skriven frå begge perspektiv,[8] og dekkjer synspunktet til indianarane i det første verset og europearane i resten av songen.[9]

Original singel frå 1982

Songen vart gjeven ut på singel 12. februar 1982, kring fem veker før albumet kom ut 22. mars 1982.[10] Singelen markerte debututgjevinga til den nye vokalisten Bruce Dickinson med Iron Maiden. «Total Eclipse» vart vald ut som B-side føre «Gangland», som kom ut på den originale utgåva av albumet.[11] Bandet angra seinare på denne avgjersla, og Steve Harris sa «Me valde feil song som B-side. Eg trur at om «Total Eclipse» hadde vore på albumet i staden for «Gangland», hadde det gjort det langt betre.»[11] Songen vart lagt til The Number of the Beast då det vart nymastra i 1998, og var òg med på den originale, japanske versjonen.

Plateomslaget til singelen er det andre av tre der Derek Riggs teikna Satan, som først vart avbilda på «Purgatory» og seinare på «The Number of the Beast». I følgje Riggs var ideen bak «Run to the Hills»-omslaget basert på ideen om ein «maktkamp i helvete», der bandmaskoten Eddie kjempa mot Satan med ein tomahawk (ein referanse til temaet i songen).[12]

Andre utgjevingar

I 1985 kom eit konsertopptak av «Run to the Hills», teken frå Live After Death, ut på den 13. singelen til bandet, i lag med konsertversjonar av «Phantom of the Opera» og «Losfer Words (Big 'Orra)» som B-sider. I følgje Riggs vart ha beden om å måle eit omslag basert på både «Run to the Hills» og «Phantom of the Opera» så omslaget syner Eddie og fantomet i eit åslandskap.[13]

Etter det vart kjent at den tidlegare trommeslagaren deira, Clive Burr, hadde multippel sklerose, vart «Run to the Hills» gjeve ut att i 2002 for å hente inn pengar til det nyoppretta Clive Burr MS Trust Fund.[14] Det vart gjeve ut to variantar, ein med den originale studioversjonen og eit konsertopptak frå Rock in Rio-konserten med forskjellige B-sider.[15]

Remove ads

Andre versjonar

Ein versjon av songen finst på hyllestalbumet Numbers from the Beast med Robin McAuley på vokal, Michael Schenker og Pete Fletcher på gitarar, Tony Franklin på bass og Brian Tichy (Derek Sherinian, B'z) på trommer.[16][17] Den kvinnelege hyllestbandet The Iron Maidens spelte inn songen på debutalbumet World's Only Female Tribute to Iron Maiden i 2005.[18] Tidlegare Babes in Toyland-songaren og gitaristen Kat Bjelland sitt Katastrophy Wife spelte inn songen på EPen Heart On EP i 2007.[19] Songen vart spelt i 2008 av Sign på plata Maiden Heaven: A Tribute to Iron Maiden som vart gjeve ut av magasinet Kerrang!.[20] Det svenske lounge metal-bandet Hellsongs spelte ein versjon av songen i 2008 på albumet Hymns in the Key of 666.[21] I 2009 song den seinare svenske Idol-vinnaren frå 2009, Erik Grönwall, songen under sendingane og gav han ut på singel same året. Singelen nådde 23. plassen på Sverigetopplistan.[22] Det progressive metabandet Dream Theater spelte songen på konsertar, i lag med resten av The Number Of The Beast og gav han ut som ei «offisiell piratkopiplate» i 2006.[23]

Songen er nytta i fleire videospel, som SSX on Tour (2005) som kjenningsmelodi,[24] og Grand Theft Auto: The Lost and Damned (2009).[25] I tillegg vart ein versjon nytta i Rock Band (2007), der han hadde vanskelegheitsgraden 'Impossible' eller «umogeleg»,[26] medan den originale versjonen var tilgjengeleg for nedlasting i juni 2009.[27]

Remove ads

Innhald

1982 7" britisk singel (UK: EMI 5263, UK: EMIP 5263 [biletplate], Tyskland: EMI 1A 006-07604, Nederland: EMI 1A 006-07604)

1982 12" britisk singel (Europa: EMI 1C K 052-07 604 Z)

1990 CD-singel

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

1985 7" & 12" UK live-singel (7" - UK: EMI EMI 5542)

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

1985 12" UK live-singel & 1990 CD live-singel (12" - UK: EMI 12EMI 5542, UK: 12EMIP 5542 [biletplate])

Meir informasjon Nr., Tittel ...

2002 utvida CD & avgrensa 7"-singel

7" raud vinylsingel (Europa: EMI EM 612)

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Utvida CD Part I (UK: EMI CDEM 612/7243 5 50623 0 7)

Denne versjonen inneheld eit konsertopptak av songen frå konsertalbumet Rock in Rio, medan B-sidene vart spelte inn i Hammersmith Odeon i London den 20. mars 1982. Videoen er òg opptak frå konserten i Rio.[15]
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Utvida CD Part II (UK: EMI CDEMS 612/7243 5 50624 0 6)

Denne versjonen inneheld studioversjonen av «Run to the Hills», medan B-sidene er konsertopptak frå Reading Festival den 28. august 1982. Han inneheld òg Camp Chaos-versjonen av «Run to the Hills».[15]
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Utvida CD europeisk utgåve (7243 5 50704 0 1)

Denne versjonen vart gjeve ut på det europeiske fastlandet, og inneheld fem spor frå dei to britiske utgåvene over.
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Studiosingel frå 1982

Frå omslaget til 7"-singelen.[28]

Produksjon

Livesingel frå 1985

Frå 7"-[29] og 12"-singelomslaget.[30]

Iron Maiden
  • Bruce Dickinson – solovokal
  • Steve Harris – bass, korvokal
  • Dave Murray – sologitar
  • Adrian Smith – rytmegitar, korvokal
  • Nicko McBrain – trommer
Produksjon
  • Martin Birch – produsent, lydteknikar, miksing
  • Derek Riggs – illustrasjon

Singelen frå 2002

  • Bruce Dickinson – solovokal
  • Steve Harris – bass, korvokal
  • Dave Murray – sologitar
  • Adrian Smith – rytmegitar, korvokal
  • Janick Gers – rytmegitar
  • Nicko McBrain – trommer
Remove ads

Lister

Meir informasjon Singel, Liste (1982) ...

Fotnotar

  1. Re-release of all four singles as part of The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads