The Number of the Beast av Iron Maiden

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

The Number of the Beast er det tredje studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut i mars 1982. Det var det første albumet til gruppa med vokalisten Bruce Dickinson og det siste med trommeslagaren Clive Burr.

Meir informasjon Iron Maiden-kronologi, Singlar frå ...

The Number of the Beast fekk god kritikk og selde godt og var eit landemerke for bandet. Det gjekk til topps på den britiske albumlista, og selde til platinaplate i USA. Albumet inneheld singlane «Run to the Hills» og «The Number of the Beast», og den førstnemnde vart den første singelen til Iron Maiden som nådde topp 10 på den britiske singellista. Albumet var òg kontroversielt, særleg i USA, på grunn av dei religiøse referansane i plateomslaget og teksten på tittelsporet.

Etter utgjevinga av The Number of the Beast og den påfølgjande turneen, The Beast on the Road, har «The Beast» blitt eit alternativ namn for Iron Maiden og seinare nytta i titlar på somme samleplater og konsertutgjevingar, som Best of the Beast og Visions of the Beast.

Remove ads

Låtskriving og innspeling

The Number of the Beast er det einaste albumet til Iron Maiden der Clive Burr er godskriven som låtskrivar, og var det første albumet der gitaristen Adrian Smith stod oppført som låtskrivar.[6] I tillegg byrja Steve Harris å tilpasse låtskrivinga si til den nye vokalisten Bruce Dickinson. Produsenten på albumet, Martin Birch, sa «Eg trudde ikkje [den tidlegare vokalisten Paul Di'Anno] klarte å syngje somme av dei ganske så kompliserte retningane eg visste Steve ønskte å utforske... Då Bruce kom inn opna det opp før enorme mogelegheiter for det nye albumet.»[7]

I følgje fleire intervju var Dickinson sterkt involvert i å skrive fleire av songane på albumet, særleg «Children of the Damned», «The Prisoner» og «Run to the Hills».[8] På grunn av pågåande kontraktproblem med den førre gruppa si, Samson, kunne ikkje Dickinson på lovleg vis ta del i låtskrivinga på albumet,[6] og kunne berre kome med det han kalla «moralske bidrag», som tydde at han kunne påverke songane, men ikkje kome med så store innspel at han vart godskriven som låtskrivar.[9] Innspelinga og miksinga av albumet var over på fem veker,[3] etter at bandet hadde brukt lang tid på å konstruere nye songar.[10] Dette kom av at dette var første gongen bandet måtte skape eit album heilt frå starten av, og hadde veldig lite klart før før-produksjonen av albumet.[6]

Musikkpressa fortalte historier om uforklarte fenomen som oppstod under innspelinga i Battery Studios, som at lysa slo seg på og av av seg sjølv, og at innspelingsutstyret på mystisk vis brått slutta å virke.[2] Dette toppa seg då Birch var involvert i ei bilulukke med ein minibuss som transporterte ei gruppe nonner, og fekk ei rekning på reparasjonane på 666 pund.[11][12]

Remove ads

Songar

«Run to the Hills» vart gjeven ut på singel den 12. februar 1982, to veker før den britiske turneen til Maiden, og fungerte som ei førehandsvisning av albumet, som ikkje kom ut før to dagar etter den britiske delen av turneen var over.[3] Singelen kom med ein musikkvideo som nytta konsertopptak og klipp frå Buster Keaton-filmar,[3] og gjorde det merkverdig bra. Han vart den første singelen deira om nådde topp 10 på den britiske singellista.[13] Gruppa skunda seg for å bli ferdig med albumet i tide, og spele inn og mikse singelen for ei tidleg utgjeving. Dei valde raskt «Total Eclipse» som B-side.[10]

Sidan dei hadde skrive for mange songar, måtte dei velje mellom «Total Eclipse» og «Gangland» for singelen «Run to the Hills», med tanken om at den andre songen skulle vere med på albumet.[10] Fleire av bandmedlemmane har sidan angra på avgjersla og Steve Harris sa «Me valde rett og slett feil song som B-side. Eg trur at om 'Total Eclipse' hadde vore på albumet i staden for 'Gangland' så hadde det gjort det enno betre.»[10] I tillegg har Harris sagt at opningssporet «Invaders», ikkje var bra nok, og sa han «kunne ha vore erstatta av noko betre, men me hadde ikkje noko anna å erstatte han med på den tida. Me hadde akkurat nok tid til å gjere det me gjorde, og det var det.»[10]

Tittelsporet vart av mange religiøse grupper i USA rekna som bevis på at Iron Maiden var eit satanistisk band, men songen var i røynda inspirert av eit mareritt bassisten Steve Harris hadde hatt etter å ha sett filmen Damien: Omen II seint på kveld.[6] I tillegg sa Harris at teksten òg var inspirert av Robert Burns-diktet «Tam o' Shanter».[12] Songen opnar med ein talt introduksjon frå Johannes' openberring, lese av skodespelaren Barry Clayton.[14] I følgje Dickinson hadde bandet først spurt skodespelaren Vincent Price om å spele inn passasjen, men spurte Clayton etter at Price kravde 25 000 pund for jobben.[15] Sjølv om teksten i plateomslaget hevdar at passasjen er frå Johannes' openberring 13:18,[5][16] kjem den første linja frå 12:12.[17]

Avslutningssongen «Hallowed Be Thy Name» har blitt spelt på alle turnane deira utanom ein sidan albumet kom ut (det einaste unntaket var Maiden England-turneen i 2012-2014).[12] AllMusic skildra songen som «kanskje den mest hylla av dei lange episke songan til bandet. Det er ei soge om ein fange som er i ferd med å hengjast, med nokre av dei mest filosofiske tekstane til Harris nokon gong.»[18] Fleire bandmedlemmar har sidan sagt at det er ein av favorittsongane deira, og Dickinson skildra han som «fantastisk» og at å spele songen live var som om «å fortelje ein film til publikum.»[12] Eit konsertopptak av songen kom ut i 1993, og gav bandet nok ei topp 10-plassering i Storbritannia.[13]

«Children of the Damned» er basert på filmane Village of the Damned og Children of the Damned,[12] som igjen var basert på romanen The Midwich Cuckoos av John Wyndham.[19] I det siste radioprogrammet sitt for BBC Radio 6, under ein del av showet som hylla den avdøde Ronnie James Dio, nemner Dickinson at Children of the Damned var inspirert av Black Sabbath sin «Children of the Sea».[20]

«The Prisoner» var inspirert av ein britisk TV-serie med same namn, og inneheld dialog frå tittelsekvensen. Bandmanageren Rod Smallwood måtte ringe til Patrick McGoohan og bed om løyve til å bruke lydklipp for songen og var ekstremt nølande.[1] McGoohan skal ha sagt «Kva sa du namnet var igjen? Eit rockeband, seier du? Gjer det.»[1] Iron Maiden laga seinare ein annan song basert på serien, «Back in the Village» frå Powerslave i 1984.[21]

«22 Acacia Avenue» er den andre songen i soga om «Charlotte the Harlot», som opphavleg var skriven av Adrian Smith fleire år seinare, medan han spelte i det gamle bandet sitt, Urchin. I følgje Smith skal Steve Harris ha hugsa å ha høyrt songen på ein Urchin-konsert i ein lokal park, og modifisert songen for The Number of the Beast.[22]

Remove ads

Mottaking og kontrovers

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Thumb
Bruce Dickinson og Steve Harris på scenen i 1982. The Beast on the Road-turneen vart forsøkt spolert av fleire demonstrasjonar av religiøse aktivistar i USA.

Albumet fekk sterk motstand av konservative miljø, særleg i USA, der Iron Maiden vart skulda for å vere satanistar. Platene til bandet vart brende på bål, men nokre grupper øydela platene med hammar, i frykt for avgassane frå den brennande vinylen.[12][27] The Beast on the Road-turneen vart utsett for mange boikottar og demonstrasjonar. Konsertlokala vart ofte omringa av aktivistar som delte ut brosjyrar og i somme tilfelle vart ein åtte meter høg kross boren i protest.[12][28] Harris har sagt «Det var galskap. Dei misforstod det fullstendig. Dei hadde tydelegvis ikkje lese tekstane. Dei ønskte berre å tru alt det tøvet om at me var satanistar.»[29]

Etter utgjevinga har albumet som regel fått god kritikk. AllMusic har skildra det som «blant topp fem av dei viktigaste heavy metal-albuma som er gjevne ut. Ein hjørnestein i sjangeren.»[18] Sputnikmusic kalla det «ein klassikar i metal-verda»,[26] medan BBC Music hylla dei komplekse arrangementa på plata, og sa «Medan sjølv nokre av dei ærverdige HM-institusjonane (tenk Black Sabbath) vil slite med å lage materiale som var noko meir enn ei samling av moll-riff, klarte Iron Maiden denne bragda med stil.»[23] magasinet Q plasserte albumet på 100. plassen på lista si over dei 100 beste britiske albuma gjennom tidene i 2000 og kåra det i 2001 til eit av dei 50 tyngste albuma gjennom tidene.[30] I 2006 vart det sett på 40. plassen på lista deira over dei 40 beste albuma frå 1980-åra.[31] IGN og Metal Rules plasserte det på høvesvis tredje- og andreplassen på lista si over dei beste heavy metal-albuma,[32][33] og Guitar World rangerte det på 17. plassen på lista si over dei 100 beste gitaralbuma gjennom tidene.[34] Classic Rock plasserte det på 15. plassen på lista si over dei 100 beste britiske rockealbuma og skildra det som «det viktigaste metal-albumet det tiåret»,[28] og det vart kåra til det beste britiske albumet dei siste 60 åra av HMV i 2012.[35][36] The Number of the Beast er eit av to album som er oppført i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die (Iron Maiden frå 1980 er det andre).[37]

I 2001 laga BBC ein dokumentarfilm om The Number of the Beast som ein del av serien Classic Albums, som kom ut på DVD same året.

Remove ads

Plateomslaget

Som alle Iron Maiden-omslaga i 1980-åra og tidleg i 1990-åra, vart det måla av Derek Riggs. Omslaget vart opphavleg laga for singelen «Purgatory», men Rod Smallwood meinte det var for bra for singelen og valde å spare det for The Number of the Beast i staden.[38] På den originale utgåva frå 1982 er det blå himmel i bakgrunnen. Dette var ein feil gjort av trykkjarane av omslaget. Dette vart seinare endra og kom ut i svart då albumet vart trykt på ny i 1998.[12]

Albumet var kontroversielt, særleg i USA, på grunn av teksten på tittelsporet og plateomslaget som syner Eddie som kontrollerer Satan som ein marionett, medan Satan kontrollerer ein mindre Eddie. Smallwood forklarer at konseptet var å spørje «kven er det verkeleg som er vond her? Kven manipulerer kven?»[38] I følgje Riggs var dette inspirert av ein Doctor Strange-teikneserie «som hadde ein stor skurk med Doctor Strange som hang i nokre strengar som ein marionett, det var noko eg las som barn attende i 1960-åra trur eg», medan bileta av helvete var «henta frå kunnskapen min om mellomalderkunst frå det kristne Europa, som var full av slike scener.»[39]

Plateomslaget har blitt parodiert fleire gonger, av crossover thrash-bandet Stormtroopers of Death for albumet Bigger than the Devil frå 1999 og på ei T-skjorte frå Streetwear-merket Diamond Supply Co.[39][40]

Remove ads

Versjonar og framføringar av andre artistar

Den 24. oktober 2002 selte det progressive metal-bandet Dream Theater heile albumet på La Mutualite i Paris. Konserten vart spelt inn og gjeven ut på YtseJam Records.[41]

«Run to the Hills» vart spelt på hyllestalbumet Numbers From The Beast, med vokalisten Robin McAuley, gitaristane Michael Schenker og Pete Fletcher, bassisten Tony Franklin og trommeslagaren Brian Tichy.[42][43] A Tribute to the Beast, Vol. 2 inneheld versjonar av «Children of the Damned» av Sebastian Bach frå Skid Row og «Hallowed Be Thy Name» av Iced Earth,[44] som òg har spelt «Hallowed Be Thy Name» og «The Number of the Beast» på albumet Tribute to the Gods.[45] «Hallowed Be Thy Name» har òg blitt spelt av Machine HeadMaiden Heaven: A Tribute To Iron Maiden, som vart gjeve ut av Kerrang! i 2008,[46] and by Cradle of Filth,[47] medan tittelsporet har blitt spelt av Djali Zwan i filmmusikken til Spun.[48] Akustiske tolkingar av «Children of the Damned» og «22 Acacia Avenue» finst på albumet Across The Seventh Sea (2012) av prosjektet Maiden uniteD.[49]

Remove ads

I andre media

Fleire av songane på albumet er nytta i videospel: «Run to the Hills» er med i SSX On Tour som opningstema,[50] Grand Theft Auto: Episodes from Liberty City,[51][52] og ein coverversjon finst i Rock Band, den einaste songen i spelet som er oppført som 'umogeleg' for alle instrumenta.[53] I tillegg er «The Number of the Beast» (som den originale masterinnspelinga), «Run to the Hills» og «Hallowed Be Thy Name» (sistnemndee i ein liverversjon frå Flight 666) tilgjengelg som nedlasting for Rock Band den 8. juni 2009.[54] «The Number of the Beast» vart òg nytta i Guitar Hero III: Legends of Rock,[55] og i Tony Hawk's Pro Skater 4.[56]

Remove ads

Innhald

Originalutgåva

Alle spor skrivne av Steve Harris, utanom der andre er nemnde

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Nymastra utgåve frå 1998

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Bonusplate med 1995-utgåva

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Henta frå plateomslaget[5][16] og AllMusic.[57]

Iron Maiden
Produksjon
  • Martin «Farmer» Birch – produsent, lydteknikar
  • Nigel Hewitt-Green – andre lydteknikar
  • Derek Riggs illustrasjon
  • Simon Fowler – fotografi
  • Ross Halfin – fotografi
  • Toshi Yajima – fotografi
  • Andre Csillag – fotografi
  • Bob Ellis – fotografi
  • P.G. Brunelli – fotografi
  • Rod Smallwood – management, fotografi
  • Simon Heyworth remastering (1998-utgåva)
  • Denis O'Regan – fotografi (1998-utgåva)
  • George Chin – fotografi (1998-utgåva)
Remove ads

Lister

The Number of the Beast var ein salssuksess,[29] og The New York Times skreiv i 2010 at det er seld 14 millionar eksemplar verda over.[58] Det var den første plata til bandet som toppa den britiske albumlista. Ho gjekk inn på topp 40 og rett til topps den 10. april, og låg på toppen i alt i to veker, og låg inne på topp 75 i alt 31 veker.[13] Ho gjekk inn på Billboard 200 på ein 150. plass og nådde 33. plassen på det beste. I tillegg gjekk albumet inn på topp 10 i Austrerrike, Sverige og nådde 11. plassen i Canada og 13. plassen i Noreg.

Plata har seld til platinaplate i Storbritannia og USA, og gullplate i Tyskland.

Dei to singlane, «Run to the Hills» og tittelsporet debuterte på den britiske singellista på høvesvis sjuande og 18. plassen. BEgge songane gjekk inn på den irske singellista og nådde 16. og 19. plassen der.

Meir informasjon Land, Liste (1982) ...

Singlar

Meir informasjon Singel, Liste (1982) ...

Fotnotar

  1. Nyutgjevingar som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart.
  2. Nyutgjeving av original studioversjon i lag med konsertopptak frå 2002.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads