Rutil
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rutil er eit mineral som består av titandioksid, TiO2. Det inneheld vanlegvis nokre prosent jarn og har då oftast ein raud eller brun farge. Reint titandioksid er kvitt.
Remove ads
Rutilnåler finst ofte inneslutta i kvarts (rutilkvarts, blåkvarts, rosenkvarts). To andre og sjeldnare mineral har same samansetjing, men ulik struktur: anatas og brookitt. Dette vert kalla polymorfi.
Rutil er særs utbreidd i magmatiske og metamorfe bergartar og kan dessutan finst anrika i sandavleiringar. Ein finn større mengder av mineralet fleire stadar på gabbroar i Sør-Noreg, og fleire stadar har det vore drift på mineralet, bl.a. i Kragerø.
Rutil vert nytta til å framstille porselensfargar, titanmetall og diverse titansambindingar. Klåre rutilkrystall blir framstilt kunstig og blir nytta som smykkestein med handelsnamnet titania.
Rutil blir brukt til å framstille rein titandioksid, TiO2, som er eit kvitt pulver. Det blir brukt som kvitt fargepigment i bl.a. maling og iskrem, og framstilling av elektrodar til sveiseapparat.[5] Titandioksid har E-nummer E171.[6]
Rutil blir også framstilt frå ilmenitt, FeTiO3, som blir utvunne ved Titania i Sokndal i Rogaland. Ilmenitten blir smelta til rutil og jern ved ilmenittverket i Tyssedal og foredla til rutilpulver ved Kronos Titan i Fredrikstad.
Den største kjente rutilførekomsten i Noreg finst i Engebøfjellet i Førdefjorden. Denne inneheld minst 380 millionar tonn malm eller 15 millionar tonn rein rutil.[7]
Nordic Mining har søkt om løyve til å utvinne denne. Prosjektet er sterkt omstridd, særleg fordi det innebærer å deponere store mengder avgang i Førdefjorden. Regjeringa har våren 2015 godkjent reguleringsplan og gitt utsleppsløyve, men det manglar framleis løyve til uttak av vatn og driftskonsesjon.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads