Safe in New York City
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Safe in New York City» er ein song av det australske rockebandet AC/DC frå albumet Stiff Upper Lip frå 2000. Songen, som vart skriven av medlemmene og brørne Angus og Malcolm Young, vart gitt ut som singel den 28. februar 2000.[1][2] Han vart produsert av den eldre bror deira George og bandet.[1] Songen nådde 21. plassen på den amerikanske Billboard Mainstream Rock-lista.[3]
Videoen til songen, regissert av Andy Morahan,[4] viser bandet spela i ein travel tunnel i byen, omgitt av væpna politimenn. Promo-CD-singelen inneheldt ein liveversjon av songen, som vart spelt inn 13. september 2000 på America West Arena i Phoenix i Arizona. Denne liveversjonen vart seinare gjenutgitt ni år seinare i plateboksen Backtrack.
Låten fekk ny aktualitet etter 11. september-åtaka på World Trade Center i New York. Angus Young sa at sjølv om teksten opphavleg var meint å gjera narr av Rudy Giuliani sin påstand om at han hadde rydda opp på Manhattan: «er New York for meg ein by der du aldri kan føresjå kva som kjem til å skje.»[5] Låten vart seinare inkludert på 2001 Clear Channel-lista, ei liste over «lyrisk tvilsame» songar.
Remove ads
Sporliste
Alle spor skrivne av Angus Young, Malcolm Young;[2] utanom der andre er nemnde
Medverkande
- Brian Johnson – solovokal
- Angus Young – sologitar
- Malcolm Young – rytmegitar
- Cliff Williams – bassgitar
- Phil Rudd – trommer
- Produsent – George Young, AC/DC
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads