Stiff Upper Lip av AC/DC

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Stiff Upper Lip er det 14. studioalbumet til det australske hardrockbandet AC/DC. Det kom ut 28. februar 2000.[1] Albumet vart produsert av George Young, storebror til Malcolm og Angus Young, og dette var det siste AC/DC-albumet som George produserte før han døyde i 2017. Albumet vart gitt ut på nytt i USA den 17. april 2007 som ein del av serien AC/DC Remasters. Det vart gitt ut på nytt i Storbritannia i 2005.

Meir informasjon AC/DC-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn

Young-brørne byrja å skriva låtar til det som skulle bli Stiff Upper Lip sommaren 1997 i London og Nederland med Malcolm på gitar og Angus på trommer, og i februar 1998 var låtane ferdige.[11] Bandet hadde planlagt å spela inn eit nytt album med kanadiaren Bruce Fairbairn, som hadde produsert dei enormt vellykka The Razors Edge og AC/DC Live, men Fairbairn døydde i mai 1999. Young-brørne vende seg til den eldre bror sin George, som hadde produsert Blow Up Your Video frå 1988 og dei første albuma til bandet i lag med Harry Vanda, og Mike Fraser, som hadde produsert Ballbreaker frå 1995 (saman med Rick Rubin), for å fullføra Stiff Upper Lip.

Remove ads

Innspeling

Albumet vart spelt inn og miksa i Bryan Adams sitt Warehouse Studio i Vancouver i British Columbia, Canada, mellom september og november 1999, med totalt 18 låtar.[12] I 2000 uttalte bassist Cliff Williams til VH1-programmet Behind the Music: «Det er eit fantastisk album. Det var eit album som var veldig lett å spela inn i og med at Malcolm og Angus hadde alt klart, så me måtte berre komma og gjera så godt me kunna.» Ifølgje memorara til Arnaud Durieux AC/DC: Maximum Rock & Roll tek Malcolm ein sjeldan gitarsolo på «Can't Stand Still», medan Angus tek korvokalen på «Hold Me Back». Albumet dykkar endå djupare ned i bluesrøtene til bandet enn forgjengaren Ballbreaker og har eit oppsiktsvekkjande reint lydbilete. I eit intervju med Alan Di Perna i Guitar World kommenterte vokalisten Brian Johnson samarbeidet med George Young:

«Tidlegare har han alltid jobba med Harry [Vanda]. Ikkje for å forkleina Harry, men det var ganske straumlinjeforma denne gongen. Du hadde ingen å svara til eller diskutera med, bortsett frå Malcolm eller Angus. Me jobba faktisk ganske hardt denne gongen, frå klokka 11 om morgonen til klokka eitt på natta nokre gonger. Laurdagar òg. Men det var bra. George hadde alltid ein plan. Eg hata å venta på neste avgjerd. George hadde alltid ein plan.»
Remove ads

Komposisjon

Angus Young forklarte i intervju at albumtittelen kom til han då han sat fast i trafikken og byrja å grubla over kor viktig lepper var i rock and roll-kulturen, med tilvising til ikona Elvis Presley og Mick Jagger, og bar på ein viss hånleg trass.[12] Han noterte at han sjølv hadde bidrege til denne tradisjonen:

Det var litt av det, og det har alltid vore litt humor hos oss òg. Sjølv då me byrja, pleidde eg alltid å seia: «Eg har større lepper enn Jagger, og eg har større lepper enn Presley når eg stikk dei ut.» Faktisk, viss du ser på albumet Highway to Hell, er det leppa mi som sit fast der oppe slik [krøllar leppa]. Eg hugsar at då eg var liten, såg eg ein tidleg svart-kvitt-film med Brigitte Bardot, og ho hadde sånne surmulande lepper, og då tenkjer ein: «Ja, ja! Eg liker det ho kjem med!»[13].

Låtar som etter seiande vart spelt inn til albumet, men som ikkje vart gitt ut, var: «Let It Go», «R.I.P. It Up», «Whistle Blower», «Rave On» og «The Cock Crows».[14]

Utgiving

Albumomslaget er pryda av ein bronsestatue av Angus, som på turneen vart etterlikna i form av ein fleire etasjar høg rekvisitt med den demoniske skikkelsen hans. Dei tre singlane frå albumet var tittelsporet «Stiff Upper Lip», «Safe in New York City» og «Satellite Blues». I Australia, New Zealand og Europa vart det gitt ut ei turnéutgåve med to plater av Stiff Upper LipAlbert Productions i januar 2001. Denne inkluderer Stiff Upper Lip pluss ei plate som inneheld: «Cyberspace» (B-sida av «Safe in New York City»), fem live-spor frå 1996-albumet No Bull, og dessutan tre videoar (for kvara av singlane).

Videoen til tittelsporet - regissert av Andy Morahan,[15] - startar med at bandet køyrer nedover gata i ein raud Hummer H1 frå 1997 og blir fanga i ein trafikkork. Dei køyrer inn i ei bakgate, går ut og byrjar å spela songen på gata. Songen bandet høyrer på før bilkøen er «It's a Long Way to the Top (If You Wanna Rock 'n' Roll)», gitt ut då avdøde Bon Scott var medlem.

I kjølvatnet av 9/11-åtaka vart songen «Safe in New York City» inkludert på 2001 Clear Channel-lista, ei liste over «lyrisk tvilsame» songar (seks andre AC/DC-songar kom med på lista: «Dirty Deeds Done Dirt Cheap,» «Shot Down in Flames,» «Shoot to Thrill,» «Hell's Bells,» «T.N.T.,» og «Highway to Hell»). I eit intervju med Alan Di Perna for Guitar World i mai 2000 - vel eit år før tragedien - vart Angus Young spurt om han verkeleg kjende seg trygg i New York City: «Den songen er litt ironisk meint. Førre gong eg var i New York, var det alt folk snakka om: kor trygt det var, kor flott det skulle bli å bu der. For meg har New York alltid vore ein by prega av uvisse. Du kan aldri gjetta kva som kjem til å skje.»

Remove ads

Mottaking

Stiff Upper Lip klatra til sjuandeplassen på den amerikanske Billboard-lista og nådde 12. plassen i Storbritannia. Det gjekk heilt til topps på albumlistene i Finland, Sverige, Tyskland og Austerrike. Den vart betre mottekne av kritikarane enn Ballbreaker, men vart rekna for å mangla nye idear.[16][17]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Angus Young og Malcolm Young

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Plate to av luksusutgåva frå 2001

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Stiff Upper Lip Live

Stiff Upper Lip Live
Video av AC/DC
Språk engelsk
Utgjeve 2001
Innspelt Olympiastadion, Munich, Tyskland, 14. juni 2001
Sjanger Hardrock, bluesrock
Lengd 140 min.
Selskap
Produsent Rocky Oldham

Stiff Upper Lip Live er namnet på livevideoen gitt ut i 2001 av AC/DC, spelt inn 14. juni 2001 på Olympiastadion i München i Tyskland, på deira Stiff Upper Lip-turneen. Sporlista er som følgjer:

  1. «Stiff Upper Lip» (Young, Young)
  2. «You Shook Me All Night Long» (Young, Young, Johnson)
  3. «Problem Child» (Young, Young, Scott)
  4. «Thunderstruck» (Young, Young)
  5. «Hell Ain't a Bad Place to Be» (Young, Young, Scott)
  6. «Hard as a Rock» (Young, Young)
  7. «Shoot to Thrill» (Young, Young, Johnson)
  8. «Rock and Roll Ain't Noise Pollution» (Young, Young, Johnson)
  9. «What Do You Do for Money Honey» (Young, Young, Johnson)
  10. «Bad Boy Boogie» (Young, Young, Scott)
  11. «Hells Bells» (Young, Young, Johnson)
  12. «Up to My Neck in You» (Young, Young, Scott)
  13. «The Jack» (Young, Young, Scott)
  14. «Back in Black» (Young, Young, Johnson)
  15. «Dirty Deeds Done Dirt Cheap» (Young, Young, Scott)
  16. «Highway to Hell» (Young, Young, Scott)
  17. «Whole Lotta Rosie» (Young, Young, Scott)
  18. «Let There Be Rock» (Young, Young, Scott)
  19. «T.N.T.» (Young, Young, Scott)
  20. «For Those About to Rock (We Salute You)» (Young, Young, Johnson)
  21. «Shot Down in Flames» (Young, Young, Scott)
  • Mastra i 5.1 av Ted Jensen ved Sterling Sound, NYC

Merknad

  • Det var ein original nyhendemelding som vart brukt til Europaturneen, men eit alternativ vart i staden brukt til filmen etter 9/11-åtaka i New York City. Den originale meldinga vart likevel gjord tilgjengeleg på bonusdisken til DVD-en Plug Me In frå 2007
Remove ads

Medverkande

Andre medverkande
  • George Young - produksjon
  • Mike Fraser - lydteknikar og miksing
  • Dean Maher - assisterende lydteknikar
  • Alvin Handwerker - management
  • Alli Truch - kunst

Salslister

Meir informasjon Liste (2000), Plassering ...

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads