Sailing to Philadelphia
studioalbum av Mark Knopfler From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sailing to Philadelphia er det andre soloalbumet til den britiske songaren og gitaristen Mark Knopfler, gjeve ut 26. september 2000 av Vertigo Records internasjonalt, og av Warner Bros. Records i USA.[1] Gjesteartistar på albumet er James Taylor og Van Morrison.
Tittelsporet er basert på Mason & Dixon av Thomas Pynchon, ein roman om Charles Mason og Jeremiah Dixon,[2] to engelske landmålarar som oppretta grensa mellom Pennsylvania og Maryland, Delaware og Virginia i 1760-åra. Grensa vart seinare kjend som Mason-Dixon-linja og vart nytta sidan 1820-åra for å skilje Sørstatane og Nordstatane i USA.
Remove ads
Mottaking
William Ruhlmann gav albumet tre av fem stjerner i meldinga si for AllMusic og skreiv at «i song etter song på dette albumet får du ei kjensle av at han byrja å spele på ein kjend song innan ein spesifikk sjanger, og til slutt endra han nok til at han kunne kalla det ein original song».[1] I ei melding for Rolling Stone gav David Wild albumet tre og ei halv av fem stjerner, og skreiv om albumet at det var «eit gledeleg tilbakeblikk» til det tidlegare arbeidet til Knopfler med Dire Straits.[3] Wild skreiv vidare:
« | Knopfler syng duett med James Taylor på tittelsporet, som skildrar forholdet mellom Mason og Dixon; Van Morrison syng linjer på den sjelfulle «The Last Laugh». Med Sailing to Philadelphia har Knopfler teken ein pause frå roots- og filmmusikkprosjekta sine som har teke opp mykje av tida hans dei siste 17 åra, og har henta fram noko av stordomen til Dire Straits.[3] | » |
I 2002 hadde albumet seld meir enn 3,5 millionar eksemplar verda over.[4][5] I somme område, til dømes i Vest-Europa, vart albumet gjeve ut på HDCD og på ein 5.1-kringlyds DVD-A.
Remove ads
Turné
I 2001 la Knopfler ut på turné for å marknadsføre albumet. Turneen starta 27. mars 2001 i Mexico City i Mexico, omfatta 80 konsertar i 68 byar og enda 31. juli 2001 i Moskva i Russland. Turneen bestod av tre delar: Mexico og Sør-Amerika, Nord-Amerika og Europa med Russland. Turnébesetninga var Mark Knopfler (gitar, vokal), Guy Fletcher (klaverinstrument), Richard Bennett (gitar), Glenn Worf (bass), Chad Cromwell (trommer), Geraint Watkins (piano, trekkspel) og Mike Henderson (gitar, mandolin, fiolin, munnspel).[6]
Madrid-konserten den 2. juli 2001 vart filma og gjeven ut på DVD-Video i november 2002. Toronto-konserten i Massey Hall i mai 2001 vart òg spelt inn, men berre tre songar frå denne konserten er offisielt gjeve ut: «Speedway at Nazareth» (B-sida til «Wye Aye Man»), «Who's Your Baby Now» (B-sida til «Boom, Like That») og «Brothers in Arms» (på ei avgrensa utgåve av albumet The Ragpicker's Dream).[6]
Remove ads
Innhald
- Internasjonal versjon
Alle spor skrivne av Mark Knopfler
- USA-versjon
Medverkande
- Musikk
- Mark Knopfler – vokal, gitarar
- Richard Bennett – gitarar, strengeinstrument
- Jim Cox – piano, Hammondorgel
- Guy Fletcher – klaverinstrument, korvokal
- Glenn Worf – bass
- Chad Cromwell – trommer
- James Taylor – vokal (2)
- Van Morrison – vokal (5)
- Gillian Welch og David Rawlings – vokal (8,10)
- Glenn Tilbrook og Chris Difford – vokal (internasjonal 6)
- Aubrey Haynie – fiolin (1,10)
- Paul Franklin – pedal steelgitar, lap steelgitar
- Danny Cummings – perkusjon
- Mike Haynes – flygelhorn
- Jim Hoke – autoharp, munnspel
- Jim Horn – barytonsaksofon, tenorsaksofon
- Wayne Jackson – trompet
- Harvey Thompson – tenorsaksofon
- Frank Ricotti – marimba
- Duane Starling – vokal
- Chris Willis – vokal[7]
- Produksjon
- Mark Knopfler – produsent
- Chuck Ainlay – produsent, lydteknikar, miksing
- Chubba Petocz – lydteknikar
- Jon Bailey – assisterande lydteknikar
- Graham Lewis – assistent
- Mark Ralston – assistent
- Aaron Swihart – assistent
- Denny Purcell – mastering
- Jonathan Russell – masteringassistent
- Andrew Williams – portrettfotografi
- Eric Conn – redigering
- Sandy Choron – fotoregi
- Harry Choron – design
- Jose Molina – fotografi (framside)
- James Gritz – fotografi (bakside)
- Ben Mikaelsen – fotografi (andre)[7]
Remove ads
Lister
Remove ads
Salstrofé
Remove ads
Singlar
What It Is
What It Is av Mark Knopfler | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. september 2000 | |
Sjanger | countryrock, Rootsrock, folkrock, blues | |
Selskap | Mercury Records |
«What It Is» var den første singelen frå albumet. Ein lengre versjon av songen vart gjeven ut i Mexico med eit ekstra vers:
- And the highwayman stands blowing on his fingers by the green
- I've walked inside his shoes before so I always buy his magazine
- He's with a local mystery with blood stains on her hands
- I like the way she winks at me but I leave her with the highwayman
Den instrumentale delen av songen vart nytta som kjenningsmelodi for CBC Radio One-programmet Dispatches.
- Innhald
Alle songar skrivne av Mark Knopfler.
Sailing to Philadelphia
Sailing to Philadelphia av Mark Knopfler | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. februar 2001 | |
Sjanger | countryrock, Rootsrock, folkrock, blues | |
Selskap | Mercury Records |
«Sailing to Philadelphia» var den andre singelen frå albumet. Songen er ein duett mellom Knopfler og den amerikanske visesongaren James Taylor. Songen er skriven i ein sjølvbiografisk stil og handlar om Jeremiah Dixon og Charlie Mason, ein «Geordie boy» og ein astronom, som segla til Amerika frå Storbritannia. Dixon (Mark Knopfler) meinte det var eit «land av mogelegheiter» i vest, som Mason (James Taylor), «stjernekikkaren» ikkje trur på. Mot slutten av songen indikere rtekste at Dixon hadde rett.
- Innhald
Alle songar skrivne av Mark Knopfler.
Silvertown Blues
Silvertown Blues av Mark Knopfler | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 2001 | |
Sjanger | countryrock, Rootsrock, folkrock, blues | |
Selskap | Mercury Records |
«Silvertown Blues» var den tredje og siste singelen frå albumet. Han vart gjeven ut som singel berre i Nederland og Belgia, men vart spelt på radio i mange europeiske land, særleg Frankrike. Songen vart ikkje spelt på konsertane under Sailing to Philadelphia-turneen.
Silvertown er eit industriområde på nordbreidda av Themsen i London, og songen handlar særleg om bygginga av det økonomisk mislukka Millennium Dome. Han vart bygd p åein stad som var forureina av giftig avfall frå East Greenwich Gas Works som var i drift får 1889 til 1985.
- From the poisinous drains a vision appears
- New circle of cranes, a new reason to be here
- A big silver dome rising up into the dawn
- Above the church and the homes were all the silver is gone
- Innhald
Alle songar skrivne av Mark Knopfler.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads