Sally Kipyego
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sally Jepkosgei Kipyego (fødd 19. desember 1985) er ein kenyansk langdistanseløpar som sidan 2017 representerer USA. Ho vann sølvmedaljen på 10 000 meter både ved Friidretts-VM 2011 og Sommar-OL 2012.
Remove ads
Aktiv
10 000-meteren for kvinner under VM i friidrett 2011 i Daegu handla stort sett om dei kenyanske løparane. Over mål kom alle fire føre etiopiske Meselech Melkamu, den einaste utøvaren som fylgde med på sisterunda. Kipyego var på si side den einaste som truga sigeren til gullvinnar Vivian Cheruiyot. Mindre enn to veker seinare, den 8. september i Zürich, presterte Kipyego 14.30,4 og livsbeste på 5 000 meter. I milløpet under London-OL 2012 sprang ho inn til sølv og personbeste på tida 30.26,3 og plassen framom Cheruiyot, begge var dei sjanselause i avslutninga mot Tirunesh Dibaba frå Etiopia. Ei veke etter enda Kipyego sist av dei fire som var med om å spurte om OL-medalje på 5 000 m.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Sally Kipyego» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juli 2022.
- «Sally Kipyego» (på engelsk). Olympedia. Henta 9. april 2023.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads