Santa Costanza
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Santa Costanza er eit antikt romersk mausoleum for eldstedottera til den romerske keisaren Konstantin den store, Constantina, også kjend som Constantia, som blei teke i bruk som kyrkjebygning på 1200-talet. Kyrkja ligg ved Via Nomentana i distriktet Trieste nordaust i Roma, og høyrer til soknet Sant'Agnese fuori le Mura.[1] Santa Costanza ingår i Complesso monumentale di Sant'Agnese fuori le Mura.
Remove ads
Skildring

Santa Costanza er ein rotundeforma bygning med kuppel og ambulatorium (omgang) med apsis og nisjer. Kuppelen har ein diameter på cirka 22,5 meter. Han er halden opp av tolv parvis stilte granittkolonnar med marmorkapitél i korintisk ordning. Eit vindauge i kuppeltamburen gjev interiøret lys.
Kvelvet i ambulatoriet er dekorert med svært velbevarte romerske mosaikkar frå 300-talet av. Mosaikkane har mange ulike motiv: Nokre er døme på tidleg kristen kunst, andre er sekulære, og dei viser til dømes geometriske former, vinhaust, tregreiner med frukter, amforaer og eksotiske fuglar.[2]
I apsisen (A) rett imot inngangen står ein kopi av porfyr-sarkofagen der Constantina opphavleg blei gravlagd. Den opphavlege sarkofagen er no i Vatikanmusea. Han er dekorert med kjerubar, påfuglar og akantusornament. I apsisen til høgre (E) finst det ein 400-talsmosaikk som framstiller Kristus som gjev nøklane til Peter. Dei er omgjevne av festongar og fargerike frukter. I apsisen til venstre (C) er det òg ein mosaikk frå 400-talet. Kristus står her på ein topp som frelsesvatnet flyt ut frå. Fire lam søker seg mot vasskjelda. På kvar side av Kristus står Peter og Paulus. Peter held ein bokrull med orda «DOMINVS PACEM DAT», 'Herren gjev fred'. Mosaikken er ramma inn av fruktgirlanderar.[3]
Remove ads
Galleri
- Kopi av Constantina sin porfyrsarkofag.
- Kristus i majestet med Peter.
- Kristus med Peter og Paulus.
- Mosaikk som viser ein vinhaust.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads