Say Na Na Na

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Say Na Na Na» (norsk omsetjing 'sei «na, na, na»') er ein popsong frå 2019 som vert framført av den tyrkiske programleiaren og songaren Serhat. Songen var det sanmarinske bidraget til Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. «Say Na Na Na» er komponert av Serhat sjølv, med tekst skriven av den amerikanske skribenten Mary Susan Applegate. Serhat deltok òg for San Marino i Eurovision Song Contest 2016, men vart slått ut i semifinalen.

Remove ads

Bakgrunn

Songen vart internt vald ut av den sanmarinske kringkastaren San Marino RTV som det sanmarinske bidraget til Eurovision Song Contest 2019. Songen er komponert av Serhat, og han har skrive teksta saman med den amerikanske skribenten Mary Susan Applegate.[1] Serhat har kalla songen ein «universell hymne til positivitet».[2] Musikkvideoen til songen vart filma i Istanbul og lansert 7. mars 2019.

Serhat deltok for San Marino i Eurovision Song Contest 2016 med songen «I Didn't Know». Songen hamna på tolvteplass i sin semifinale og gjekk ikkje vidare til finalen. Serhat spelte seinare inn ein ny versjon av songen saman med Martha Wash, og denne versjonen nådde 25.-plassen på amerikanske Billboards hitliste Dance Club Songs i 2018.[3][4] Dette er ein av få Eurovision-låtar som har klart å ta seg inn på dei offisielle amerikanske hitlistene.[5]

Eurovision Song Contest

I januar 2019 vart San Marino trekt til å deltake i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel tysdag 14. mai, og San Marino hadde startnummer 17 – siste bidrag ut på scena.[6] «Say Na Na Na» vart blant dei ti beste i semifinalen og var vidare til finalen laurdag 18. mai.[7] Dette var andre gongen San Marino hadde nådd finalen sidan debuten i 2008. I finalen vart songen nummer 19 av 26 deltakarar, den beste plasseringa til San Marino i Eurovision Song Contest til då.[8]

Remove ads

Referansar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads