Secret Messages
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Secret Messages er eit studioalbum av Electric Light Orchestra (ELO), gjeve ut i 1983 på Jet Records. Det var det siste ELO-albumet med bassgitaristen Kelly Groucutt, dirigenten Louis Clark og verkelege strykeinstrument, og det siste ELO-albumet som kom ut på Jet Records. Det var òg det siste ELO-albumet som nådde albumlistene verda over.
Remove ads
Konsept
Plata var opphavleg meint å bli eit dobbeltalbum, men dette vart stoppa av distributøren til Jet, CBS Records, som hevda at det ville bli for dyrt å produsere. Denne versjonen av albumet vart digitalt innspelt og var det første ELO-albumet som kom på CD. Seks av songane meint for dobbeltalbumet kom ut som B-sider og vart sidan gjeven ut på plateboksen Afterglow i 1990, mellom anna ei åtte minuttar langs hyllest til heimebyen til bandet (Birmingham) kalla «Hello My Old Friend». Somme av desse songane kom ut som bonusspor på nyutgjevinga av albumet i 2001.
Secret Messages (løynde meldingar) var som tittelen indikerer full av løynde meldingar i form av baklengs innspelte meldingar, somme lette å oppdage, andre ikkje. Dette var andre gongen Jeff Lynne spelte inn slike meldingar på eit album etter å ha blitt skuldra for å gøymd sataniske meldingar i musikken.[4]
Louis Clark var attende i bandet for å dirigere strykarane, medan fiolinist Mik Kaminski spelte på ei ELO-plate for første gongen sidan Out of the Blue i 1977 og spelte fiolinsoloen på «Rock 'n' Roll Is King». Då albumet var ferdiginnspelt gav Lynne bassgitaristen Groucutt sparken, som seinare saksøkte for tapte inntekter. Dei vart forlikte utanfor retten.
Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet i Storbritannia: «Rock 'n' Roll Is King», tittelsporet og «Four Little Diamonds». I USA vart singlane «Rock 'n' Roll Is King», «Four Little Diamonds» og «Stranger» gjevne ut. «Rock 'n' Roll Is King» vart den siste singelen til bandet som nådde topp 20 i Storbritannia. Songen «Letter from Spain» vart nytta i reklamar for sommar-OL 1992 i Barcelona.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Jeff Lynne
Remove ads
Medverkande
- Jeff Lynne – vokal, korvokal, gitar, synthesiserar, bassgitar, piano, perkusjon, Oberheim DMX, produsent
- Bev Bevan – trommer, perkusjon
- Richard Tandy – synthesizerar, flygel, elektrisk piano, munnspel, Oberheim DMX
- Kelly Groucutt – bassgitar, korvokal («Train of Gull», «Rock 'n' Roll Is King», «No Way Out» og «Beatles Forever»)
- Andre medverkande
- Mik Kaminski – fiolin («Rock 'n' Roll Is King»)
- Dave Morgan – korvokal
- Bill Bottrell – lydteknikar
- Strykarar dirigert av Louis Clark
- Al Quaglieri – produsent for nyutgjeving (2001)
Lister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads