Seldsjukkarriket
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Seldsjukkarriket (tyrkisk Büyük Selçuklu Devleti, «Det store seldsjukkarriket»; persisk دولت سلجوقیان) var eit tyrkisk-persisk rike i mellomalderen.[8][9][10] Seldsjukkarriket kontrollerte eit enormt område som strekte seg frå Hindukush til det austlege Anatolia og frå Sentral-Asia til Persiabukta. Frå heimlandet sitt nær Aralsjøen, rykka seldsjukkane først inn i Khorasan og så inn i Persia før dei etter kvart erobra det austlege Anatolia.


Seldsjukkarriket vart grunnlagd av Tughril Beg i 1037 etter innsatsen til grunnleggjaren av seldsjukk-dynastiet, Seldsjuk Bey, i byrjinga av 1000-talet. Faren til Seljuk Bey hadde ei høgare stilling i Oghuz Yabgu-staten, og han gav namnet sitt til både staten og dynastiet. Seldsjukkane samla det brotne politiske miljøet i den austlege islamske verda og spelte ei viktig rolle i det første og det andre krosstoget. Riket var kraftig persianisert[11][12][13][14] i kultur[15][16] og språk,[11][17], og seldsjukkane spelte òg ei viktig rolle i å utvikle den tyrkisk-persiske tradisjonen,[18] og eksporterte persisk kultur til Anatolia.[19] Busetjinga av tyrkiske folk i nordvestlege område av rike, av strategiske årsaker for å halde fiendtlege nabostatar unna, førte til ei aukande tyrkifisering av desse områda.[20]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads