She Belongs to Me

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«She Belongs to Me» er ein song av Bob Dylan og vart først gjeven ut som det andre sporet på Bringing It All Back Home frå 1965. Det var ein av dei første antikjærleikksongane og ein av dei første av mange songar Dylan skreiv for å skildre ei «trollkjerring».[1][2]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Songen har vorte spelt av mange andre artistar, mellom andre Barry McGuire, The Grateful Dead, The Flying Burrito Brothers, Tom Tom Club, Leon Russell, Harry Connick, Jr., The Nice, Richard Shindell, Buddy Greene og Ricky Nelson. Han har òg vorte omsett til fransk av Francis Cabrel, kalla «Elle M'Appartient (C'est une Artiste)». Countryutgåva til Ricky Nelson nådde Topp 40 i USA.[3]

She's got everything she needs,
She's an artist, she don't look back.

Bob Dylan

Dylan si utgåve av songen vart spelt inn kvelden 14. januar 1965 og var produsert av Tom Wilson.[2] Denne utgåva har elektrisk gitar av John Hammond Jr. og Bruce Langhorne og bass av William E. Lee i tillegg til Dylan på akustisk gitar og munnspel.[2][4][5][6]

Tittelen på songen er ironisk meint.[3][4][7][8] Sjølv om songen heiter «ho høyrer til meg», er det klårt at det er songaren som høyrer til kvinna og at kvinna ikkje høyrer til nokon, som ein kan sjå i linja «She's nobody's child, the law can't touch her at all.»[2][3][7] Teksten skildrar korleis kvinna trykker mannen ned, men akkurat nok til at han framleis er stolt over å tene henne, medan han «bow[s] down to her on Sunday» («bøyer seg for ho på søndag») og «salute[s] her when her birthday comes» («gjer honnør når ho har bursdag»)"[2][3] Andre linjer ser ut til å vise til den tidlegare kjærasten til Dylan, visesongaren Joan Baez, særleg linja om at kvinna går med ein «egyptisk ring», sidan Dylan hadde gjeve Baez ein slik ring.[1][8][9]

Den bitre teksten er vert oppheva av den milde måten Dylan syng på og det fine og lystige akkompagnementet.[9] Melodien er dempa, fraseringane avslappa og songen har ein svaiande, vals-liknande rytme.[1]

Songen har sidan vorte gjeven ut på fleire samleplater og konsertplater, mellom andre Bob Dylan's Greatest Hits Vol. II i 1971. Ei konsertutgåve frå Dylan-konserten på Isle of Wight i 1969 vart gjeven ut på Self Portrait i 1970. Songen var opningssongen på den kjende konserten han heldt 17. mai 1966 i Manchester i England som finst på The Bootleg Series Vol. 4: Bob Dylan Live 1966, The "Royal Albert Hall" Concert i 1998 (konserten vart ikkje halde i Royal Albert Hall som mange trur).[4]

I 2002 kåra musikkmagasinet Uncut songen som den 14. beste Bob Dylan-songen nokon gong.[10]

Remove ads

Andre versjonar

Songen har blitt spelt inn av mange andre artistar, som Barry McGuire, The Grateful Dead, The Flying Burrito Brothers, Tom Tom Club, Alain Bashung, Leon Russell, Harry Connick jr., The Nice, Richard Shindell, Billy Preston, Buddy Greene, Lloyd Cole, Ricky Nelson, Neil Finn og Pajama Club, Buffalo Tom, Ane Brun, Ólöf Arnalds, Trish Murphy og The Rose Garden. Han er òg blitt omsett til fransk av Francis Cabrel, kalla «Elle m'appartient (C'est une artiste)». Ricky Nelson sin countryversjon nådde topp 40..[3]

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads