Senhit
eritreisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Senhit Zadik Zadik (fødd 1. oktober 1979), også kjend som berre Senhit (tidlegare skrive som Senit), er ein italiensk songar. Ho representerte San Marino i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Ho hamna på 16.-plass av 19 bidrag i den fyrste semifinalen og kvalifiserte seg ikkje til finalen. Senhit skulle ha representert San Marino på nytt i 2020 i Rotterdam i Nederland med songen «Freaky!». 18. mars 2020 avlyste EBU tevlinga på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] Ho skal i staden representere San Marino i Eurovision Song Contest 2021.[2]
Remove ads
Bakgrunn
Senhit er fødd og oppvaksen i Bologna i Italia av eritreiske foreldre. I slutten av tenåra drog ho utanlands til Sveits og Tyskland og spelte i musikalar som Fame, The Lion King og Hair.[3]
I 2002 drog ho attende til Italia for å starte artistkarrieren sin. Ho slapp debutalbumet sitt, Senit, i 2006 og følgde opp med eit nytt album, Un tesoro é necessariamente nascosto, året etter. Blant singlane på albumet var «La mia cittá é cambiata», «La cosa giusta» og «La faccia che ho». I 2009 slapp Senhit sitt tredje album, det engelskspråklege albumet So High. Same år debuterte ho som tv-programleiar for Urban Charts på HIPHOPTV.[4]
I 2011 representerte ho San Marino i Eurovision Song Contest, som vart arrangert i Düsseldorf.[3] Ho deltok i den fyrste semifinalen tysdag 10. mai med songen «Stand By». Den gjekk ikkje vidare til finalen, etter å ha hamna på 16.-plass i semifinalen.
Same år slapp ho ein ny singel, «Through the Rain», og i april 2012 følgde ho opp med singelen «AOK». I 2014 var ho fast gjest i sundagsprogrammet Domenica Live på den italienske tv-en-kanalen Canale 5. Ho har òg opptredd på klubbar og småscener rundt i om Europa og USA.[5]
I mars 2020 kunngjorde den sanmarinske kringkastaren San Marino RTV at Senhit skulle representere landet på nytt i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland.[6] Ho skulle ha delteke med songen «Freaky!». På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse tevlinga for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[7] Ho skal i staden representere San Marino i Eurovision Song Contest 2021.[2]
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads