Sergej Lazarev
russisk songar og skodespelar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sergej Vjatsjeslavovitsj Lazarev (fødd 1. april 1983) er ein russisk songar, dansar og skodespelar. Han fekk sitt nasjonale gjennombrot i 2002 med gutegruppa Smash!!, men har hatt ein solokarriere etter at gruppa vart oppløyst i 2005. Lazarev er blant dei største og mest kjende artistane i Russland, og i 2016 vart han kjent i Europa då han representerte Russland i Eurovision Song Contest med songen «You Are the Only One». I 2019 representerte han Russland for andre gong i Eurovision Song Contest med låten «Scream».[1][2]
Remove ads
Bakgrunn
I barndomen i Moskva dreiv Lazarev med rytmisk gymnastikk, før han som tiåring starta med skodespel og song, blant anna i barnekoret Lokteus. Som 14-åring fekk han sin første musikkpris, og sidan vann han fleire songtevlingar for barn, og han vart medlem av barnegruppa Neposedy (Непоседы). Det var i denne gruppa Julija Volkova og Lena Katina i t.A.T.u. møtte kvarandre.[3][4]
I tenåra hadde han mindre roller i ulike skodespel, og han heldt fram å syngja og deltake i ulike tv-program og songtevlingar. I 2000 byrja Lazarev ved Moskva kunstnarteater, der han vart uteksaminert som profesjonell skodespelar i 2004. Sidan følgde fleire oppdrag på teaterscena, og i 2005 hadde han ei større rolle i den Broadway-inspirerte musikalkomedien Lend Me a Tenor.
Remove ads
Songkarriere
I 2000 fekk han sitt nasjonale musikalske gjennombrot med popduoen Smash!! (russisk: СМЭШ!!) saman med Vlad Topalov. Dei fekk fleire hits i Russland, blant anna «Should Have Loved You More», «Belle» og «Obsession».[3]
I desember 2004 slapp Smash!! sitt andre album, 2Nite. Berre éi veke etter lanseringa valde Lazarev og Topalv å bryte samarbeidet og i staden satse på eigne karrierar kvar for seg.
I 2008 deltok Lazarev i den russiske finalen til Eurovision Song Contest 2008 med songen «Flyer». Lazarev havna til slutt på ein fjerdeplass, og vinnaren vart Dima Bilan som til slutt vann den internasjonale finalen med songen «Believe».
I desember 2015 annonserte russisk fjernsyn at Sergej Lazarev skulle representere Russland i Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm. 5. mars 2016 vart songen «You Are the Only One» offentleggjord, og songen vart raskt ein av dei store favorittane før tevlinga.
I tevlinga vann Lazarev sin semifinale og kvalifiserte seg til finalen i Globen. Der vann han telefonavrøystinga, men vart berre nummer fem hos juryane. Samla vart han og Russland nummer tre, bak Dami Im frå Australia og vinnaren Jamala frå Ukraina. I februar 2019 annonserte den russiske kringskastaren VGTRK at Lazarev skulle representere Russland for andre gong i Eurovision Song Contest.[1][5] I januar 2019 vart Russland trekt til å delta i semifinale 2 av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og «Scream» hadde startnummer 13.[6] Songen vart blant dei ti beste i semifinalen, og Lazarev kvalifiserte dimed seg til finalen laurdag 18. mai.[7] I finalen kom han på tredjeplass, same plassering som han fekk tre år tidlegare.[8]
Remove ads
Privatliv
Lazarev sitt flamboyante og fartsfylte sceneshow, kombinert med hans løyndomsfulle privatliv, har fleire gonger ført til spekulasjonar rundt den seksuelle legninga til Lazarev.[9] Sjølv har han avstått frå å kommentere spekulasjonar og rykte om sitt privatliv. Jula 2016 vart det likevel kjent at artisten hadde ein son på 2,5 år. Lazarev stadfesta sonen, men ynskte ikkje å kommentere familien sin ytterlegare.[10]
Lazarev er kjent som ein svoren dyrevenn og eig eit konditori for kjæledyr, kalla Pudel-sjtrudel (russisk: Пудель-Штрудель).[3][4][11]
Diskografi
Album
- 2005 – Don't Be Fake
- 2007 – TV Show
- 2010 – Electric Touch
- 2013 – Lazarev (Лазарев)
- 2017 – V epitsentre (В эпицентре)
- 2018 – The One
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads