Silent Letter

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Silent Letter er det åttande studioalbumet til den amerikanske folkrockduoen America, gjeve ut av Capitol Records i juni 1979.

Meir informasjon America-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Dette var det første studioalbumet til America etter at Dan Peek slutta, den første America-utgivinga på Capitol Records og det siste av i alt sju album på rad produsert av den mangeårige Beatles-produsenten George Martin.

Det var òg det første studioalbuma deira sidan debuten som hadde ein tittel som byrja med ein annan bokstav enn «H». Tittelen i seg sjølv erkjenner den «manglande H-en» ved den ironiske referansen sin til stumme bokstavar i det engelske språket.

Albumet inneheld fartsfylte discolåter, pianobaserte powerballader (ofte sungne av Gerry Beckley) og mellomkjappe poprocklåtar.

Remove ads

Mottaking

I meldinga si i Allmusic noterte musikkritikaren Steven Thomas Erlewine overgangen til bandet frå «folk-aktig California-softrock» til vaksenpop. Han skreiv om albumet: «Sluttresultatet er kanskje mangelfullt, men på ein fornøyeleg måte. Og samanlikna med platene som gjekk føre det og nokre av albuma som følgde etter det, verkar Silent Letter absolutt som eit nyare høgdepunkt for Amerika.»[1]

Albumet vart ingen kommersiell suksess, og nådde berre 110. plassen på Billboard-lista. Det produserte likevel tre mindre hitsinglar. «Only Game in Town» som bobla under Hot 100-lista, og nådde ein 107. plass. «All My Life» og «All Around» bomma så vidt på topp 40 på Adult Contemporary-lista, med høvesvis 48. og 45. plass. Førstnemnde var ein stor hit i Asia.

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

America

med:

  • Mike Woods – sologitar
  • David Dickey – bass
  • Willie Leacox – trommer
  • Jim Calire – klaverinstrument, saksofonsolo
  • Tom Walsh – perkusjon

Salslister

Meir informasjon Liste (1979), Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads