Silia Kapsis
australsk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Vasiliki Silia Kapsis[a] (fødd 5. desember 2006) er ein australsk songar, dansar og skodespelar av gresk-kypriotisk bakgrunn. Ho representerte Kypros i Eurovision Song Contest 2024 med songen «Liar».[1][2]
Remove ads
Bakgrunn
Vasiliki Silia Kapsis blei fødd den 5. desember 2006 i Sydney i Australia,[3] som dotter av den kypriotiske songaren Jórgos Kapsis og den greske juristen og dansaren Despina «Rebecca» Saivanidis frå Thessaloniki.[1][4][5] Ho vaks opp i eit musikalsk miljø i Sydney og opptredde allereie som fireåring. Ho har vore forsongar i Australian Youth Performing Arts Company (AYPAC) og har delteke i ei rekkje arrangement og konsertar verda over.[4]
Debutsingelen «Who Am I?» skreiv Kapsis som tolvåring og gav han ut i 2022. Året etter gav ho ut singlane «No Boys Allowed» og «Disco Dancer». Den fjerde singelen, «Night Out», kom ut i november 2023.[6] Ho har dansa med ImmaBeast Dance Company i Los Angeles og har jobba med Stephen «tWitch» Boss på The Jennifer Hudson Show. Ho har også delteke i ein dansedokumentar produsert av rapparen Taboo.[4]
Kapsis debuterte som skodespelar i kortfilmen Pearly Gates i 2022 og har jobba på ulike tv-prosjekt for australske Nickelodeon, blant anna som programleiar for Nick News.[7][4]
Den 25. september 2023 kunngjorde den kypriotiske kringkastaren RIK at Kapsis skulle representere Kypros i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.[4] Den 29. februar 2024 blei Eurovision-bidraget hennar, «Liar», gjeve ut.[8] Kapsis blei trekt til å opptre fyrst i den fyrste semifinalen tysdag 9. mai 2024. Der blei ho nummer 6 av 15 bidrag og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai 2024.[9][10] I finalen enda ho på 15. plass av 25 bidrag.[11]
Remove ads
Merknadar
- gresk skrift Βασιλική Σίλια Καψή
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads