Sillamäe
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Sillamäe er ein by og kommune i Ida-Viru maakond, nord i Estland, på sørkysten av Finskebukta.
I sovjettida i Estland var Sillamäe ein lukka by, hovudsakleg på grunn av den kjemiske fabrikken her som produserte brenselstavar og nukleært materiale til sovjetiske atomkraftverk og atomvåpen. I starten vart det drive gruvedrift etter uran på same staden, men seinare var dette importert frå forskjellige stader i Austblokklanda, hovudsakleg Tsjekkoslovakia. Uranmalm frå Bihor-gruva, som vart drive av Sovromcuarţ (Sovjetunionen og Romania i lag) vart òg handsama i Sillamäe.[2]
Nær byen ligg stranda Toila og kurstaden Narva-Jõesuu, som vart nytta av leiarar og medlemmer av kommunistpartiet i sovjettida.
I 2005 vart det opna ei hamn i Sillamäe. Sidan 2006 har det vore fast ferjesamband mellom Sillamäe og Kotka i Finland.
![]() |
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads