Sing for the Day

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Sing for the Day» er den andre singelen til Styx frå albumet Pieces of Eight frå 1979. Songen nådde 41. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i februar 1979. Han vart sidan gjeven ut som B-sida til den neste singelen deira, «Renegade». Tommy Shaw brukte namnet ‘Hannah’ i songen, for å representere fansen. Fleire år seinare kalla han dottera si Hannah.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Det vart filma ein musikkvideo til songen, regissert av Bruce Gowers, der Styx spelte på scenen med Tommy Shaw på mandolin og vokal, James «J.Y.» Young på akustisk gitar (sjølv om han ikkje speler på songen), Chuck og John Panozzo på bassgitar og trommer og Dennis DeYoung på tamburin og korvokal og klaverinstrument (under soloane).[1]

Remove ads

Medverkande

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads