Pieces of Eight

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Pieces of Eight er det åttande studioalbumet til Styx, gjeve ut 1. september 1978.

Meir informasjon Styx-kronologi, Singlar frå ...

Som det førre albumet deira, The Grand Illusion (1977), selte dette albumet til 3x platinaplate i USA på grunn av hitsinglane «Blue Collar Man (Long Nights)» og «Renegade».

Bandmedlemmane var sjølv produsentar og spelte inn albumet i Paragon Studios i Chicago med lydteknikaren Barry Mraz. Albumet vart miksa av Rob Kingsland. «I'm O.K.» vart spelt inn i Paragon og St. James Cathedral. Dette var det siste albumet av fleire dei spelte inn i Paragon Studios.

Plateomslaget vart laga av Hipgnosis. DeYoung sa i eit intervju i 1991 med Redbeard at han i starten hata omslaget, men kom til å like det etter kvart som han vart eldre.

Remove ads

Bakgrunn

Somme[1][2] reknar albumet som eit konseptalbum og ei av dei viktigaste av dei meir progressiv rock-prega albuma til Styx. Temaet på albumet var i følgje Dennis DeYoung «å ikkje gje opp draumane sine berre for å følgje pengar og materielle godar».

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Mike DeGagne i AllMusic gav albumet god omtale og sa at songane på albumet «gjekk attende til den tidlegare progressive rockestilen til Styx, men var noko reinare.»[3] Rolling Stone-skribenten Lester Bangs var meir kritisk til albumet og sa at «Det som er verkeleg interessant er ikkje at slikt narsissistisk kliss vert spelt inn, men kva som skjer i hovudet på alle dei som likar dette. Galle, nerve og ego har aldri vert langt unna god rock & roll. Likevel er det ei tynn, men viktig linje mellom dei kvalitetane og kva som skal til for å fylle ein arena i dag: rein sjølvnyting på sitt mest barnslege nivå. Om dette er meistrane, gje meg heller krøplingane.»[5]

Albumet nådde sjetteplassen på Billboard-lista, og som føregangaren selde det over tre millionar eksemplar i USA.[7]

Remove ads

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Styx

Produksjon

Salslister

AlbumBillboard (USA)

Meir informasjon År, Liste ...

Singlar – Billboard (USA)

Meir informasjon År, Singel ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads