Alpheratz

From Wikipedia, the free encyclopedia

Alpheratz
Remove ads

Alfa Andromedae (Alfa And, α And, α Andromedae), som har det tradisjonelle namnet Alpheratz (eller Alpherat) og Sirrah (eller Sirah), er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Andromeda. Ho ligg like nordaust for stjernebiletet Pegasus og er den nordaustlege stjerna i den store firkanten i Pegasus. Ptolemaios rekna Alfa Andromedae som ein del av Pegasus, og Bayer rekna stjerna som ein del av begge stjernebilete: Alfa Andromedae (α And) og Delta Pegasi (δ Peg). Når grensene til dei moderne stjernebileta vart fastsett i 1930, vart den siste nemninga droppa.[8]

Kjappe fakta

Ho ligg 97 lysår frå jorda. Sjølv om for det nakne auga ser ut som ei enkel stjerne, med samla tilsynelatande storleiksklasse +2.06, er ho i røynda ei dobbeltstjerne med to stjerner i nær bane. Den kjemiske samansetjinga til den lysare av dei to stjernene er uvanleg sidan dei er ei kvikksølv-mangan-stjerne med ein atmosfære med unormalt høge nivå av kvikksølv, mangan og andre grunnstoff, inkludert gallium og xenon.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads