Sitting on Top of the World

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Sitting on Top of the World» (òg kalla «Sittin' on Top of the World») er ein folk-blues-song skriven av Walter Vinson og Lonnie Chatmon, medlemmar av Mississippi Sheiks, eit populært country-bluesband i 1930-åra. Walter Vinson hevda å ha skrive «Sitting on Top of the World» ein morgon etter å ha spelt til dans i Greenwood i Mississippi.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vart først spelt inn av Mississippi Sheiks i 1930 (på Okeh), og vart ein stor hit for bandet, og vart innlemma i Grammy Hall of Fame i 2008.[2]

I mai 1930 spelte Charlie Patton inn ein versjon av songen (med anna tekst) kalla «Some Summer Day»”[3] Dei neste få åra vart «Sitting on Top of the World» spelt inn av mange artistar: The Two Poor Boys, Big Bill Broonzy, Sam Collins, Milton Brown og Bob Wills & His Texas Playboys. Etter at Milton Brown spelte inn songen for Bluebird Records vart songen ein slagar i repertoaret til dei fleste western swing-band.[1]

«Sitting on Top of the World» har vorte ein standard innan tradisjonell amerikansk musikk. Songen har vorte spelt inn i mange forskjellige stilartar - folk, blues, country, bluegrass, rock – ofte med store variasjonar og/eller tillegg i teksten. Teksten syner ein stoisk optimisme i møtet med kjenslemessige tilbakeslag, og songen har vorte skildra som «ein enkel, elegant destillasjon av blues».

Remove ads

Historie

Tittellinja «Sitting on Top of the World» vart truleg lånt frå ein velkjend popsong i 1920-åra, «I'm Sitting on Top of the World», skriven av Ray Henderson, Sam Lewis og Joe Young (gjort populær av Al Jolson i 1926). Dei to songane er derimot forskjellige, både musikalsk og i tekstinnhald (bortsett frå tittelen).[4]

Det har vorte hevda at «Sitting on Top of the World» stamma frå tidlegare songar: «How Long, How Long» av Leroy Carr og Scrapper Blackwell, ein blueshit innspelt i 1928, og oppfølgjaren til Carr & Blackwell, «You Got To Reap What You Sow» (1929), med Tampa Red på flaskehals-gitar.[4] Ein trur òg at Tampa Red komponerte melodien til «Sitting on Top of the World».[5]

Remove ads

Kjende innspelingar

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads