Wheels of Fire

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Wheels of Fire er namnet på eit dobbeltalbum innspelt av Cream. Utgjevinga vart ein stor suksess og nådde 3. plass i Storbritannia og gjekk heilt til topps i USA, og vart det første dobbeltalbumet i verda som selde til platinaplate.[8]

Meir informasjon Cream-kronologi, Singlar frå ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Albumet vart òg gjeven ut som Wheels of Fire (In the Studio) og Wheels of Fire (Live at the Fillmore) som to single album, gjevne ut i lag, med liknande plateomslag. I 2003 vart albumet rangert på 203. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[9]

Remove ads

Bakgrunn

Etter at Disraeli Gears kom ut i november 1967, planla Polydor Records og Atco Records, at det tredjealbumet til Cream skulle verte eit dobbeltalbum, der Atco Records-produsenten Felix Pappalardi og gruppa ønskte å ha med fleire konsertopptak.[10]

Innspeling

Bandet og Pappalardi hadde i juli og august 1967, spelt inn songar i studio i IBC Studios i London, og i Atlantic Studios i New York City i september og oktober same året.[1] Fleire songar vart spelte inn i studio i Atlantic Studios i januar og februar 1968, under ein pause i turneen deira.[10][1] Månaden etter,[1] tinga Pappalardi eit mobilt platestudio i Los Angeles til the Fillmore og Winterland Ballroom i San Francisco.[10] Ein tok opp seks konsertar i San Francisco, og songar som ikkje kom med på Wheels of Fire kom seinare ut på Goodbye, Live Cream og Live Cream Volume II.[10]

Innspelingane av Wheels of Fire var ein av dei første gongane ein nytta åttespors bandopptakarar på ei tid då firesporsopptakarar var standard.[10] Lydteknikarar på plate ein var Tom Dowd og Adrian Barber, medan konsertopptaka vart fanga til band av Bill Halverson.

Songar

Trommeslagaren Ginger Baker var med på å skrive tre av songane for albumet med pianist Mike Taylor. Bassist Jack Bruce skreiv fire songar med diktaren Pete Brown. Gitarist Eric Clapton medverka til albumet med å velje ut coversongane.

Remove ads

Innhald

Disk 1: In the Studio

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Disk to: Live at the Fillmore

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Salslister og salstrofé

Meir informasjon Liste (1968–2013), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads