Skjerf
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Remove ads
Skjerf (frå fransk écharpe, ‘armbind, langsjal’[1]) er eit stykke stoff ein kan ha om halsen eller hovudet for å verna seg mot kulde, sollys, støv, sand eller skit, som pynt eller mote, av religiøse grunnar eller for å visa tilhøyre til ein idrettsklubb eller -lag. Ein kan laga skjerf av mange ulike materiale, som ull, lin, silke og bomull. Plagga er vanlegvis lange, smale og rektangulære. Dei kan hengast laust, viklast eller knytast om hals eller hovud.

Ein kan òg ha skjerf om livet som livband, til dømes som del av ein gallauniform[2] eller hoftesjal brukt til magedans.
- Silkeskjerf gjevne av ein tibetansk munk for å bringa lukke.
- Portugisiske fotballtilskodarar held opp fotballskjerf under Fotball-EM 2004.
- Mann med laust skjerf i Nepal
- Mann med knytta skjerf
- Kvinne med silkeskjerf
- Kvinne med skjerf på moteoppvising
- Glenn A. Baker med laust skjerf og kvinne med pelsstola
Remove ads
Sjå òg
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads