Dupatta
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Dupatta er eit langt sjal, skjerf eller slør som blir brukt på ei rekkje ulike måtar i sørindisk klesdrakt. Dupattaen kan brukast til å dekkja til hovud, ansikt, armar eller bryst, eller berre draperast om halsen eller over ei skulder som eit langt skjerf.[1] Dupattaer blir som regel matcha med drakta ein har på elles, og mange ferdiglaga drakter blir selde med dupatta.

Dupatta er i dag vanlegast som ein del av sjalvar kamiz, over kurta eller gharara, men var opphavleg del av drakta gagra tsjoli, med langt skjørt og kort bluse. Plagget er særs mykje brukt av kvinner, men kan også brukast av menn, til dømes saman med kurta eller sherwani.
Remove ads
Ordsoge
«Dupatta» er eit ord på hindustani, hindi दुपट्टा eller panjabi ਦੁਪੱਟਾ/ਚੁੰਨੀ og urdu دوپٹا eller دوپٹا. Ordet er ein kombinasjon av du-, som tyder 'to', og patta, som tyder 'klesstykke', opphavleg frå sanskrit.[2] Plagget er også kjend som tsjunari, tsjunri eller tsjunni (चुनरी, چنری), odhni eller orni, tsjādar-odhni, bengali orna (ওড়না) eller sylheti unna (উন্না).
Skildring

Dupattaer er rektangulære tøystykke som kan vera oppimot 2,5 meter lange.[3] Dei kan vera av mange ulike stoff, som bomull, silke eller chiffon, og dei kan vera einsfarga eller dekorerte med farge, trykk, broderi, bordar, pompongar eller anna. Ofte er dei av eit lett, luftig materiale, og dei kan vera delvis gjennomsiktige.[4]
Bruk

Det finst mange vanlege måtar å bruka dupattaen på. Den tradisjonelle måten med ghagra tsjoli er å festa ein ende i livet av skjørtet, føra han rundt kroppen og over hovudet eller skuldra. Ein kan også føra ein eller begge endane av dupattaen under armen og festa han i nakken, ofte etter å ha hatt midstykket over hovudet.[4] Nokre stader i landet, som i Rajasthan, er det vanleg å bruka ein gjennomsiktig dupatta som slør over ansiktet.
Dupattaer kan også festast slik ein vil ha dei med nåler, eller dei kan hengja laust. Meir moderne måtar å bruka dei på er å ha midtstykket hengande laust over brystet med endane ført over kvar skulder og hengande langs ryggen, eller motsett, med midtstykket i nakken og endane på framsida av kroppen. Ein annan vanleg beremåte er å ha dupattaen slengt over éi skulder med endane hengande på fram- og baksida av kroppen. Noko mindre vanleg er det å knyta dupattane slik at han heng diagonalt over brystet og ryggen, eller å knyta han om livet.
- Kvinne i Rajasthan med dupatta over ansiktet.
- Pakistansk kvinne med dupatta som dekkjer hovudet og overkroppen.
- Den indiske skodespelaren Pratima Kazmi med dupatta over brystet.
- Avani Modi med dupatta over ei skulder.
- Den indiske skodespelaren Shriya Saran med ein dupatta over halsen.
- Regnbogefarga dupatta drapert over begge skuldren og ein alboge.
Historie
Tidleg sanskritlitteratur omtalar ei rekkje typar slør og sjal brukt i tidlegare tider, som avagunthana, som tyder 'kappe-slør', uttariya, som tyder 'skulder-slør', mukha-pata som tyder 'fjes-slør' og sirovas-tra, som tyder 'hovudslør'.[5] Bruken av dupatta kan førast tilbake til bruken av uttariya i gamle kunstverk, til dømes i dei buddhistiske Bagh-holene frå 300-900-talet.[6][7][8] Ein kan også likna dupatta med chador, eller tsjadar, eit stort sjal ein kan ha om kroppen og hovudet på ulike vis.[9]
Fresker i Bedi Mahal frå 1800-talet, no i Rawalpindi distrikt i Pakistan, viser ulik bruk av dupatta:
- Kvinne med blå dupatta over hovudet og armen.
- Kvinne med grøn dupatta over hovudet og brystet.
- Vakt med gul dupatta over brystet.
Tradisjonelle draktar med dupatta som ein viktig del er kjole og skjørt-kombinasjonen gagra tsjoli og den tradisjonelle brudedrakten frå Hyderabad, khada dupatta eller khara dupatta
- Tradisjonell bruk av dupatta med gagra tsjoli.
- Khada dupatta
Remove ads
Kulturell tyding

Dupattaen kan vera eit symbol på bluferdig og respektfull framferd i Sør-Asia, og har ulike kulturelle og religiøse tydingar.[3] Ei kvinne som trer inn i ein moské, dargah, gurdwara, mandir (nordindisk hindutempel) eller ei sørasiatisk kyrkje vil ofte dekkja til hovudet med dupattaen sin om det ikkje er tildekt allereie.[10] Dupattaen kan brukast til å oppretthalda purdah (avsondring for kvinner)[11] eller vera ein del av den muslimske kleskodeksen hidsjab.[3]
Unge muslimske kvinner brukte dupattaer under kampanjane for opprettinga av Pakistan på 1940-talet. Forfattaren Mumtaz Shahnawaz tok av seg sin grøne dupatta (grønfargen er knytt til islam) og vifta han frå taket til Lahore fengsel. Fjortenårige Fatima Sughra brukte det same til å erstatta eit britisk flagg på ein offisiell britisk bygning i Panjab.[3]
Dupattaer blei kortare og mindre viktige i pakistansk kultur på 1960-talet, men kom tilbake på 1970-talet under diktatoren Zia ul-Haq. Seinare brukte statsminister Benazir Bhutto, den første kvinnelege leiaren av eit muslimsk land, dupatta for å framstå som mindre vestleggjort.[3]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads