Remove ads

Slieve Bloom (irsk Sliabh Bladhma) er ei fjellkjede i County Laois og Offaly i Republikken Irland. Ho stig opp frå den sentrale sletta på Irland til ei høgd på 526 meter over havet. Sjølv om dei ikkje er særleg høge, strekkjer fjella seg godt opp frå dei omkringliggande områda. Det høgaste fjellet er Arderin (526 m) sørvest i fjellkjeda og Baunreaghcong (511 m) ved enden av Capard-ryggen.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Landsbyen Cadamstown ved elva Silver er heimstaden til Silver River Geological Reserve.

Fjella ligg sentralt på Irland, sør for Bog of Allen, Banagher og Tullamore i County Offaly, aust for elva Shannon og vest for Portlaoise, hovudbyen i County Laois. Vestenden av Slieve Bloom-fjella ligg nord i County Tipperary, nær Roscrea.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads