Katteliknande rovpattedyr
underorden av pattedyr From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Katteliknande rovpattedyr (Feliformia) er ein underorden innan ordenen rovpattedyr med omtrent 130 artar. Dei er systergruppa til hundeliknande rovpattedyr (Caniformia) og omfattar, i tillegg til kattefamilien (Felidae) som den største gruppa, fleire andre familiar.
Remove ads
Kjenneteikn
Katteliknande rovpattedyr har vanlegvis kortare, men kraftigare hovudskallar enn hundeliknande rovpattedyr. Hjørnetennene er betre utvikla, og talet på jekslar er reduserte.
Historie og systematikk
Blant dei katteliknande rovpattedyra kan ein spore slekta Pappictidopis frå Shanghuan-formasjonen i Kina, og dessutan slektene Pristinictis og Ravenictis funnet i Canada, allereie frå tidleg paleocen. Tilhøyrselen til dei katteliknande rovpattedyra blir her fastslått på grunnlag av reduksjonen i talet på jekslar til to.
Blant dei utdøydde katteliknande rovpattedyra, som ikkje blir rekna med i kattefamilien, finn vi spesielt falske sabeltannkattar og Barbourofelidae. Begge gruppene liknar på sabeltannkattar, sjølv om desse tilhøyrer kattefamilien. Dei eldste ekte kattane tilhøyrde den omtrent ozelot-store slekta Proailurus, som levde for rundt 30 millionar år sidan i oligocen og tidleg miocen i Europa.
Berre kattefamilien, falske sabeltannkattar, Barbourofelidae og hyenane (den no utdøydde slekta Chasmaporthetes) nådde det amerikanske kontinentet blant dei katteliknande rovpattedyra. Alle andre katteliknande rovpattedyr vart verande i «den gamle verda».
Systematikken for katteliknande rovpattedyr, og særleg klassifiseringa av enkelte grupper, har variert over tid. Ifølgje dagens forståing omfattar gruppa følgjande nolevande familiar:
- Leopardmår (Nandiniidae), éi slekt med éin art
- Kattedyr (Felidae), 13 slekter med 45 artar
- Linsangar (Prionodontidae), éi slekt med to artar
- Snikekattar (Viverridae), 14 slekter med 35 artar
- Hyenar (Hyaenidae), fire slekter med fire artar
- Mungofamilien (Herpestidae), 15 slekter med 34 artar
- Gassiske snikekattar (Eupleridae), sju slekter med ni artar
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads