Soldier of Fortune av Deep Purple
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Soldier of Fortune» er ein bluesrockeballade skriven av Ritchie Blackmore og David Coverdale og opphavleg gjeven ut av Deep Purple i 1974 på albumet Stormbringer. Sjølv om Deep Purple aldri har gitt ut songen på singel og han aldri har lege på hitlistene, har han utvikla ein kultstatus gjennom åra og har vorte covra av mange artistar og band.
Remove ads
Utgjevingar
«Soldier of Fortune» har vorte gitt ut på fleire album sidan Stormbringer:
- Stormbringer (1974)
- Last Concert in Japan (1977)
- Fireworks (berre Italia) (1985)
- This Time Around: Live in Tokyo (2001)
- The Platinum Collection (2005)
- Deepest Purple: The Very Best of Deep Purple' 30-årsjubileumsutgåve (2010)
Andre versjonar
- Whitesnake sin versjon dukka først opp på livealbumet Starkers in Tokyo frå 1997, seinare på The Silver Anniversary Collection (2003), 30th Anniversary Collection (2008) og Made in Britain/World Record (Live) (2013), deretter i ein studioversjon i 2015 på albumet deira The Purple Album, som òg vart gitt ut som singel.
- Opeth spelte inn ein versjon som først vart gitt ut som bonusspor på spesialutgåva av 2005-albumet Ghost Reveries, deretter som singel 6. mars 2007.[1][2] Roadrunner Records har Opeth-versjonen blant sine 13 villaste coverlåtar, og kallar han ein trufast cover og framheva gitarist/vokalist Mikael Åkerfeldt sin «uventa sjelfulle vokal».[3]
- Black Majesty på albumet Tomorrowland frå 2007.
- Bosquito på 2003-albumet Cocktail Molotov.
- Blackmore's Night på 2002-albumet Past Times with Good Company.
- Gyula Vikidál i ungarsk versjon på soloalbumet hans frå 1985 under tittelen «Szerencse katonája».
- Jiří Schelinger i ein tsjekkisk versjon i 1977 under tittelen «Šípková Růženka» («Tornerose»).
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads