Some Things Never Change
album av Supertramp From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Some Things Never Change er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut i mars 1997.
Remove ads
Oversyn
Some Things Never Change representerte eit steg attende til den tidlegare stilen deira (før Free as a Bird), med meir organiske innspelingsteknikkar enn på det førre studioalbumet deira. John Helliwell fortalte at «me spelte inn albumet på ein måte som Supertramp ikkje hadde gjort før og det var at alle var i studio i lag og gjorde det meir eller mindre live.»[1]
Albumet inneheld singelen «You Win, I Lose», som vart ein liten hit i Tyskland og vart ein del spelt på radio i Canada.[2]
Songen «Live to Love You» har både ein «taklingslyd» frå eit handheldt elektronisk spel, Coleco Electronic Quarterback, i tillegg til «Pop-o-matic bubble»-lydar frå brett spelet Trouble. Denne lyden var henta frå hitten deira «The Logical Song» frå 1979.
Remove ads
Mottaking
Allmusic skreiv at albumet har ein liknande stil og same sterke framføring som i gullåra til bandet, men mangla dei «innrivande, fengande melodiane» frå den tida, og det var derfor berre av interesse for fans av bandet og få andre.[3]
Innhald
Alle songar skrivne og sungen av Rick Davies, utanom der andre er nemnde.
Medverkande
- Rick Davies – klaverinstrument, vokal
- Mark Hart – gitar, klaverinstrument, vokal
- John Helliwell – saksofon, blåseinstrument
- Cliff Hugo – bass
- Bob Siebenberg – trommer
- Lee Thornburg – trombone, trompet, korvokal
- Carl Verheyen – gitar
- Tom Walsh – perkusjon, trommer på «And The Light»
Andre medverkande
- Bob Danziger – kalimba
- Karen Lawrence – korvokal
- Kim Nail – korvokal
- Fred Mandel - gitar på «And The Light» (ikkje oppført i omslaget)
Produksjon
- Produsentar: Jack Douglas, Fred Mandel
- Leiande produsent: Rick Davies
- Lydteknikarar: Ian Gardiner, Jay Messina
- Assisterande lydteknikar: Ian Gardiner, Mike Scotella
- Mikseassistent: Roy Clark, Brian Hargrove
- Mastering: Bob Ludwig
- Kunstnarisk leiar: Richard Frankel
- Plateomslag: Dimo Safari
- Portrett: Dennis Keeley
Remove ads
Salslister
Remove ads
Salstrofé og salstal
Singlar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads