The Logical Song
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«The Logical Song» er ein song av det engelske rockebandet Supertramp, gjeven ut som den første singelen frå albumet Breakfast in America i mars 1979. Han var skriven av Roger Hodgson, som baserte teksten på opplevingar han hadde hatt ved å bli sendt bort på kostskule i ti år. Songen vart den største hitten til Supertramp og nådde sjuandeplassen i Storbritannia og sjetteplassen på den amerikanske Billboard-lista. Ein versjon frå 2001 av Scooter tok songen inn att på topp 10 i mange land i Europa.
Remove ads
Medverkande
- Roger Hodgson – solo- og korvokal, Wurlitzer elektrisk piano, elektrisk- og 12-strengs akustisk gitar
- Rick Davies – Elka og Oberheim-synthesiser, piano, Hammondorgel, Hohner Clavinet med wah-wah, korvokal
- John Helliwell – altsaksofon, sirene, korvokal, pusting i introen
- Bob Siebenberg – trommer, kastanjettar, timbales, kubjølle, treblokker
- Dougie Thomson – bass
Salslister og salstrofé
Remove ads
Scooter-versjonen
«Ramp! (The Logical Song)», eller berre «The Logical Song» i somme område, var ein singel frå 2001 av det tyske techno-bandet Scooter, på den andre samleplata deira med singlar, Push the Beat for This Jam (The Singles 98–02). Versjonen brukar mange samplingar frå originalen til Supertramp og har tekstreferansar til det britiske house-bandet The KLF.
Singelen nådde toppen av singellistene i fleire europeiske land, mellom andre Noreg og Irland, og i 2002 i Australia. Han nådde andreplassen i Storbritannia og vart den høgaste plasseringa til bandet der.[24]
Vekeslister
Årslister
Salstrofé
Remove ads
Andre versjonar
«The Logical Song» er blitt spelt av andre artistar, som Brad Mehldau og At Vance. The Hee Bee Gee Bees laga ein parodi av songen kalla «The Scatological Song» og The Barron Knights laga ein parodi kalla «The Topical Song». Det var òg ein versjon av det tyske bandet Rave Allstars i 2007.
Songen er blitt nytta i TV-show som The Simpsons («I Married Marge»), History Rocks og siste scenen av The United States of Tara, i tillegg til i filmen Magnolia.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads