Somethin's Happening
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Somethin's Happening er det tredje studioalbumet av den engelske musikaren Peter Frampton, gjeve ut i 1974. Det nådde 125. plassen på Billboard 200.
Remove ads
Bakgrunn
Etter utgjevinga av Frampton's Camel i 1973 valde klaverspelaren Mick Gallagher å slutte i gruppa. På det neste albumet spelte Frampton sjølv klaverinstrument i tillegg til gitar, som vanleg. Frampton hadde framleis med seg den britiske bassisten Rick Wills og den amerikanske trommeslagaren John Siomos. Chris Kimsey var lydteknikar på albumet som vart spelt inn i to studio i London, og i Headley Grange i Hampshire, eit tidlegare fattighus som var nytta av Led Zeppelin for somme av dei mest kjende innspelingane deira.
Plateomslaget var designa av Hipgnosis med bilete av bandet som får bytter med vatn kasta i andletet. Salstala for Somethin's Happening var, som føregangarane, skuffande.
Remove ads
Innhald
Alle songane er skrivne av Peter Frampton utanom «Doobie Wah», som vart skriven i lag med John Siomos og Rick Wills
Remove ads
Medverkande
- Peter Frampton – elektrisk gitar, akustisk gitar, gitarsynthesizer, piano, orgel, trommer (spor 7), perkusjon, vokal
- Rick Wills – bassgitar, vokal
- John Siomos (oppført som John Headley-Down) – trommer, perkusjon
Andre medverkande
- Nicky Hopkins – piano på spor 6 og 8
Salslister
Album
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads