Frampton av Peter Frampton

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Frampton er det fjerde studioalbumet til den engelske rockemusikaren Peter Frampton, gjeve ut i 1975 før han drog på turné og spelte inn Frampton Comes Alive! Dei mest kjende songane på albumet er «Show Me the Way» og «Baby, I Love Your Way», som vart store hittar då dei vart gjevne ut som singlar frå Frampton Comes Alive! Albumet nådde 32. plassen på Billboard 200.

Meir informasjon Peter Frampton-kronologi ...
Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...
Remove ads

Bakgrunn

For dette albumet henta Frampton inn Andy Bown til på spele bass, etter at den førre bassisten hans, Rick Wills slutta under ein turné for å vere med familien og sin nyfødde baby. John Siomos var framleis med på trommer, medan Frampton spelar alle andre instrument, hovudsakleg gitar og klaverinstrument, sjølv. Sidan henta Frampton inn amerikanarane Bob Mayo (klaverinstrument, gitar, vokal) og Stanley Sheldon (bass, vokal) for å turnere.

Det tok tre veker å skrive musikken til albumet. I oktober 1974 drog Frampton til Clearwell Castle i Gloucestershire, med Ronnie Lane's Mobile Studio parkert utafor. Ytterlegare lydspor vart spelte inn i Olympic Studios i London.

Remove ads

Albumet

Frampton spelar i forskjellige stilartar på albumet, både instrumentalt og vokalt. Fleire ssongar har akustisk og elektrisk gitar, som på «The Crying Clown» og den akustiske instrumentalen «Penny For Your Thoughts». «Nowhere's Too Far (For My Baby)» og «Day's Dawning» er døme på melodisk arenarock på albumet.

Dette albumet gjorde det langt betre enn dei tidlegare albuma hans, og gjekk til 32. plassen på Billboard 200, og danna grunnlaget for det særs populære konsertalbumet som kom året etter, Frampton Comes Alive!.

Remove ads

Innhald

Alle songar er skriven av Peter Frampton.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Andre medverkande
  • Poli Palmer - vibrafon på «The Crying Clown»

Produksjon

  • Produsent: Peter Frampton, Chris Kimsey
  • Lydteknikar: Chris Kimsey, Andy Knight
  • Miksing: George Marino
  • Mastering: George Marino, Doug Sax, Arnie Acosta
  • Kunstnarisk leiar: Vartan, Roland Young, Junie Osaki
  • Fotografi: Mike Zagaris
  • Ansvarleg og koordinering: Beth Stempel, Bill Levenson
  • Management: Dee Anthony

Salslister

Album

Meir informasjon År, Liste ...

Salstrofé

Meir informasjon Organisasjon, Nivå ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads